11/08/2006

Varme og raske vinterluer

061109 lue.jpg

Luestrikk er ganske gøy, og denne varianten har eg hatt i hovudet ei stund. Eg ville ha ein klassisk variant, men med store masker og tydeleg struktur. Det er vel ein reaksjon mot all tovinga...

Dalegarn sin nye variant Hubro var perfekt for oppdraget, så no har begge småtrolla nye luer.

...og for dei som vil lage sine eigne luer har eg laga mønster:

Varme og raske vinterluer


Garn: Hubro frå Dalegarn, eller anna garn som gir strikkefastheit på 10m per 10 cm. Du treng to nøster i grunnfargen og eitt i mønsterfargen.
Pinnar: Strømpepinnar nr. 9.
Storleikar:Smårolling (lite barn) stort barn (mamma)

Start med ein øyreklaff og strikk glattstrikk. Legg opp 3m på ein strømpepinne, *1. omg: str vr, 2. omg: str 1m, auk 1m, str til du har 1m att på p, auk 1m, str 1m (= akua 2m)*, gjenta det som står mellom stjernene til du har 11(13)13(13) m på pinnen, str 1 omg vr. Lag en øyreklaff til.

Sett øyreklaffane på samme pinne (r pinne): Str 1m, auk 1 m, strikk resten av øreklaffmaskene, auk 3(3)5(7) m, strikk videre på neste øreklaff til du har 1m att på p, auk 1m, str 1m = 27(31)33(35) m. 1 omg vr, str 1 omg r mens du øker ein maske i starten og slutten av pinnnen som tidlegare. Legg opp 13(11)15(15)m og sett saman på fire strømpepinnar = 40(44)48(52) Strikk rundt og rundt i 12(13)14(15) omg, *fell 8m på jevnt på neste omg, strikk 1 omg uten felling*. Gjenta det som står mellom stjernene til du har 8m eller mindre igjen, tre tråd gjennom de maskene som er igjen. Fest godt.

Hekl halvstavar langs heile kanten på lua og fest trådendane. Broder motiv i panna (t.d. ei selburose) og lag dusk. For de minste går det ann å lage knytesnorer.

061109 lue2.jpg

We had some snow last weekend, and I wanted new hats for the kids. The new yarn from Dale, Hubro, was perfect. I got the structure and shape I wanted and added the classic Norwegian selburose. My little prince chose the colors himself.

This is a quick knit for a warm and soft winter hat. I will translate the pattern if anybody asks.

11/04/2006

Møt Børre Bjørn/ Meet Børre Bear

magflybamse.jpg

Børre er inspirert av Camilla Engman og hennar bruksanvisning på whip up. Ho lagar fantastisk flotte vesen, og har delt sin metode med oss. Camilla Engman har inspirert meg lenge, og det var artig å lese korleis ho arbeider. Bruksanvisninga er lett og følgje og får deg til å tru at du kan få til kva som helst.

Sjølv om eg tok utgangspunkt i det Camilla skreiv føler eg at eg har lagt att litt av min stil i denne karen. Børre er 15-20 cm høg, hekla i merinoull og alpakka. Han skal ikkje bu her hos oss, men snart flytte for å passe på ein liten røvar.

Børre is inspired by Camilla Engman and her creatures. She has made a great tutorial at whip up. I've been inspired by Camilla for a while, and enjoyed reading about her process.

I used Camillas words for inspiration, but feels that I left some of me in this little fellow as well. Børre is made from merino wool and alpaca. He will not stay with us, but are of to look after a little friend soon.

11/01/2006

Skumle vottar/ Scary mittens

061101 monstervottar.jpg

Det er skummelt i bloggen denne veka...

Iver ville ha monstervottar og det har mamma fiksa. Desse to monstera passar på at Iver ikkje frys på fingrane sine.

Modellen er frå KK sitt juleblad, strikka i finull og tova. Desse vottane har god passform og sitt godt på hendene til ein nesten-treåring. Det er dessutan ganske praktisk med personlege monster viss ein skulle kome over noko skummelt.

My blog is scary this week...

Iver wanted monster mittens and I had to knit. These monsters keep his fingers warm, but more important; your own monsters is fine to have in your pockets (...or on your hand) if you meet anything scary.