10/31/2006

Happy Halloween!

061031 halloween.jpg

Då har eg kapitulert... Vi tek også med oss halloween på vegen mot jul. Vi får bruke denne nye tradisjonen til å gjere noko hyggeleg ut av ein trasig haustdag.

I lyset frå våre skumle lykter inntok ei heks, eit spøkelse og ein mamma eit herremåltid: Blodsuppe med mark og brune klumpar. Stor stas!

Etterpå sneik vi oss ut i snøkava for å skremme ein onkel.

Halloween is a new celebration in Norway and not approved by everybody, but I think we can use this tradition to have some fun together with the kids.

We had a scary dinner and went to knock on an uncles door...

10/23/2006

Svartehav-lue med hjerter/ Black Sea Hat with love

061023 deadsea hat.jpg

Eg fekk kjempelyst å strikke lue då eg fekk det mjuke hemmelegven garnet, og valet fall på Svartehav-lua til Grumperina. ...men sidan mine perler var så raude måtte eg lage hjerter i staden for bølger.

Dette vart ei god lue, men sidan garnet var litt tynnare enn i oppskrifta passa den betre til Ingebjørg enn mamma. Eg skal prøve meg på ei til i dobbelt garn.

I got this great white alpakka yarn this weekend, and wanted to make a hat. I started of with the Black Sea Hat-pattern from Grumperina, but my beads were red. ...I just had to make hearts!

The yarn is thinner than the pattern asks for, but the hat is perfect for Ingebjørg. I'll make bigger one for myself.

10/21/2006

Pinne nr. 4/ Needle #4

061021 hemmeleg ven.jpg

Eg oppdage for nokre månadar sidan at eg mangla ein pinne nummer 4. Eg har uendeleg med 4,5, men berre 4 stk i nr. 4.

Dette har min hemmeleg ven i oktober fått med seg, og i lag med den siste pinnen fekk eg mjukt og godt alpakka garn, perler og gode IFA-drops. Tusen takk!

Det er ikkje lagt planar for garnet endå, men denne eller denne kan vere aktuelle :-). Perlene er litt små til denslags, men eg har vel noko passande på lager.

I'd lost one of my #4 DPN's, but my secret pal for October sent me one. Jippi! She also sent wonderful alpaca yarn. I'm thinking about making this or this.

10/20/2006

Snart nissetid

061020 nissar.jpg

No kan eg snart begynne å glede meg til jul"-perioden starta. Vi fekk med oss litt ull frå Sauens dag på Nordre Lindeberg gård og etter ein vask vart det perfekt nisseskjegg.

Utgangspunktet var ein nissepakke frå Panduro, og no er årets fyrste nissar klare. Dei skal snart gøyme seg for å førebu julestria.

I made som "Nisser" with the kids a few days ago, and they will soon hide to prepare for Christmas. We got the beard wool from a farm, but the bodies are bought.

Fyrste offer/ First victim

061020 sockwars.jpg

No er det stadfesta at eg har drept nokon; med sokkar.

Diane i California har mottatt desse sokkane og no sender ho meg dei ho held på med. Det ser ut som Sock wars går relativt greit etter planen. Folk sender ferdige og uferdige sokkar over heile verda, og no er talet på kamphaner redusert til ein firedel. Eg har framleis ikkje høyrt noko frå nokon som er på jakt etter meg, men det ser ut som den fyrste som var ute etter meg er ute av leiken...

It's comfirmed; I've killed someone with socks.

Diane got her socks in Anaheim, California, and she is sending me her knitting.

It looks like Sock wars is working. People are sending finnished and unfinnished socks all over the world, and the number of people alive are redused to a fourth.

I'm still waiting for socks, but my assassin was killed a few days days ago. I don't know if she sent socks first.

10/15/2006

Ring frå garnrusk/ Scrap yarn ring

060928 ring.jpg

Nokre avklipte trådar Eskimo fekk vere med i vaskemaskina. Visp, så hadde eg eit fast og fint utgangspunkt for ein ring. Den er litt stor på, men i skikkeleg MagFly-stil.

Eg har ikkje tenkt å beholde ringen sjølv. Denne er bonusgåve til den som byr mest pengar for OktoberRosa-veska eg har laga. Så...

...løp og kjøp!


I put some leftover yarn in our washing machine and got this great, felted ball back. A ringbase, inspiration and some beads...another MagFly-ring!

The ring is a bonus gift for the person buying my bag at the breastcancer fundraising: October Rosa. I give this ring away, but the washing machine might give me another ball some day. I can't wait...

whipup

10/10/2006

Rosa oktober/ Pink October

061001 oktoberrosa.jpg

Viss du vil kjøpe denne veska er det berre å by her. Dersom det er du som vinn auksjonen går pengane direkte til brystkreftforsking. Frakt vert dekka av meg.

Eg har laga veska og elefanten Elsa til Oktoberrosa-aksjonen, og håper det vil skaffe litt pengar i alle fall. Aksjonen samlar mange kreative kvinner og deira produkt vert akusjonert bort til inntekt for Rosa Sløyfe aksjonen 2006. Du sjå på alt det andre fine som vert auksjonert bort på desse sidene. Det er berre å finne fram lommeboka...

You can buy this bag or elefanten Elsa here. They are a part of Oktoberrosa; a fundraising for breastcancer-research starting today. All in norwegian, sorry!

10/08/2006

And the winner is...

...Halaisa!

Eg har trekt blogiversary-konkurransen og vinnaren vart Halaisa! Tusen takk til alle som har vore innom det siste året.

The winner of the blogiversary-draw is Halaisa! Thanks to everyone for all the visits during my first blog year!

10/01/2006

Ohelene a la Iver

061001 ohelene ala iver.jpg

Hundetøflene
til Iver er utslitt og for små. Dei var spesialbestilt frå ohelene.net i fjor haust og ein stor suksess. Då eg skulle bestille eit nytt par viste det seg at produsenten har ei lita bestillingspause. Heldigvis har ho vore så grei å legge ut mønsteret på nett slik at alle som vil kan lage sine eigne tøfler.

Litt skeptisk var eg nok til om eg greide dette. Ikkje hadde eg mykje skinn liggande heller... Løysinga vart ullfleece! Sålen er dobbel med tynt skinn frå ei gamal semska skinnjakke og ullfleecen. Det vert spennande å sjå korleis det oppfører seg i bruk. Varme og sklisikre er dei i alle fall.

Dette paret var eigentleg meint som ein test for å finne ut av mogelege modifikasjonar og dekor, men mottakaren er kjempefornøgd og stolt. Han har gløymt at han bestilte "krokodilletøfler med store tenner", og tøflene måtte vere med i veska då vi var ute.

Tusen takk Ohelene. Dette var gøy!

Iver got his "dog shoes" a year ago, but needed a new pair now. I ordered them from ohelene.net last october, but she gave herself a "leather shoe-break" for a few months this fall. Luckily she is not only a very good sewer, she is very kind one to. Ohelene has made a pattern for soft leather shoes, and gives it away for others to make their own.

I was not sure if I could do this, and a bit afraid of the leather. This morning I found some wool fleece and thin leather for the sole. Iver was a good assistant and an hour later he had a new pair. The sole is both wool and leather - hot and comfy!

This first pair was a test to check the pattern, but Iver does not want to take them of. He has completly forgotten the order of "crocodile shoes with big theet".

Thank you, Ohelene. This was fun!