Denne sommaren har eg vore med i "One skein secret pal". Med utgangspunkt i boka "One Skein" av Leigh Radford skulle vi sende eitt nøste i juni, eitt nøste i juli og noko heimelaga av eitt nøste.
I joined "One skein secret pal" in May. Inspired by the book "One Skein" by Leigh Radford should we send one skein in June, one skein in July and finally a homemade item made from one skein i August.
Min siste pakke kom i postkassa i dag, og for ein flott pakke!!! Det visar seg at min hemmelege nøsteven er Yvonnep frå Amsterdam. Ikkje berre har ho sendt meg fantastisk mjuke Frog Tree-garnet tidlegare, men no kom ein kjempepakke; eit par sokkar i Opal Petticoat, hekla skjerf i lysegrønt Rowan kid classic, mange perler og eit veldig hyggeleg brev. Eg vart så glad!! Eg hadde ikkje heilt tenkt over at eg skulle få noko heimelaga til slutt. Det varmar verkeleg at nokon har laga noko spesielt til meg.
My August package came in the mail today, and what a great package!!! It turns out that my secret pal is Yvonnep from Amsterdam in The Netherlands. She sendt me this soft, soft alpacka Frog Tree-yarn earlier, but this last bit was a really spoiler. I got one pair Opal Petticoat socks, a crocheted scarf in Rowan kid classic, beads and a very nice letter. I felt so lucky!!! I really hadn't thought through that someone was making something special for me. It's warming!
Sokkane er det andre paret Yvonne har laga nokon sinne. Det skulle ein ikkje tru, og det er jo heilt utruleg at ho gjer dei til meg som fryse så mykje på føtene. Ein skulle også tru at min hemmelege ven er synsk, for min forkjøla hals trong eit lite fint skjerf akkurat no. Mønsteret er frå Debbie Stoller si bok Happy Hooker.
The socks are the second pair Yvonne has ever knitted. They does not look like that, and it is amazing that she would give them to me and my frosty feet. I've had a very sore throat the last couple of days and needed a small scarf. The pattern is from Happy Hooker by Debbie Stoller.
Også har Yvonne oppdaga at eg er eit perlande vesen. Det var nokre spennande nye variantar som ekstra overrasking. Eg har ikkje ord... Garnet er restar frå nøstet ho brukte til skjerfet. Trur der er nok til minst ei hekla brosje.
And I got beads!!! I'm always looking for beads and these were new to me. I'm out of words...
Garnet eg fekk tidlegare i sommar skal bli haustluer til begge småtrolla. Eg har berre ikkje funne ei passande oppskrift. Det er vel potensielle prosjekt dei komande vekene. Tusen takk, Yvonne! Du har vore ein fantastisk nøsteven og eg kjem til å tenke på deg kvar gong skjerfet varmar halsen min.
The yarn I got earlier is waiting while I'm looking for the perfect pattern. I want to make autumn hats for both kids from the skeins.
Thank you very much, Yvonne! You have rally been a great secret pal. I'll be thinking of you while my scart is warming my throath.
2 kommentarer:
For en god idé! Også så snillt å gi en slik gave. Veldig fine perler har du også fått :O)
Så flotte gaver du har fått! Sikkert morsomt å være med på en sånn ordning, har ennå ikke kommet meg lenger enn til Hemmelig Venn på Hobbyboden jeg...
Legg inn en kommentar