8/12/2011
Vott som ventar
At nokon har mista ein så fin vott gjer vondt langt inn i strikkehjertet mitt. Heldigvis har ei venleg sjel funne den og hengt den lett synleg på næraste port. Eg har sjølv fått att vottar på denne måten.
Og kvar gong nokon kjem forbi tenkjer dei at det er synd på dei som har mista den gode varme votten sin, men den er lett og sjå så kanskje nokon kjenner den att snart. Det ser likevel ut for at akkurat denne votten kjem til å bli verande åleine.
Vi hadde ein fin ettermiddagstur på Skårhaug-setra i kveld med middag, muffins og utsikt før vi gjekk nedatt.
Også fann vi kantarellbarn. Dei fekk stå i fred.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Helt enig. Når jeg ser en hjemmestrikket vott eller ei lue i veikanten blir jeg lei meg på eierens vegne. Håper votten blir funnet av eieren sin. =)
Legg inn en kommentar