8/06/2011
Rosevottar - godt for sjela
Det har vore stilt på bloggen ei stund, og eg har eigentleg kjent meg litt stille innvendig sidan 22. juli.
Sjølv om eg ikkje er direkte råka av hendingane i Oslo og på Utøya traff han litt av meg òg. I Oslo var det litt av mine gater, dei eg gjekk i kvar dag då vi budde der, som vart sprengt, og på Utøya råka han noko av de viktigaste eg veit. Ungdom som engasjerer seg, lærer å delta i samfunnet vårt, blir kjent med andre og har det kjekt med noko dei brenn for. Mange har hatt det verre dei siste vekene, og eg er litt overraska over kor djupt det stakk hos meg òg.
Når det er litt stilt på innsida passar det godt å strikke kvite vottar. Rosene var sjølvsagte.
Vottane skulle berre vere med på fjelltur for å bli fotografert i flotte omgjevnader. Det var likevel godt å ha dei når det bles og regna på toppen. Sola kika ut mellom skyene fram akkurat dei minutta etter at vi kom på toppen og kameraet var framme.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Så vakkert!
Legg inn en kommentar