10/14/2008
Frå hagen/ From the garden
Det regnar, så eg trakkar ikkje så mykje i hagen for tida. Desse var likevel ei positiv overrasking.
Då eg rydda inn sommaren, og pakka vekk alt som kan blåse vekk, for nokre veker sidan var dei fire drueklasane bittesmå og knallharde. Ja, ja, det er vel ikkje lang nok sesong for slikt her omkring, men det er no kjekt å prøve, tenke eg, og var meir oppteken av korleis drueplanten skal overleve vinteren (Det har eg forresten ikkje løyst. Det sto i ei bok at eg måtte grave den ned...)
I dag kika eg likevel litt på drueavlinga og oppdaga at ting har skjedd mellom vindkasta. Det er like før druene er modne. Litt sure, men med rett konsistens og litt større enn sist eg såg over dei. Det er kanskje håp likevel?
Vel inne att hadde eg ei lita ulukke og mista ein god ven. Bakebollen min datt i govet og gjekk i tre delar. Der er rart korleis nokre ting er viktigare og meir i bruk enn andre. Det er alltid denne bollen eg brukar. Ikkje berre fordi den er raud, men på grunn av tyngda i mateialet, krumminga i botnen, storleiken og sikkert mange andre detaljar som berre er der. Rett og slett god design.
Bollen har nok vore med oss i nesten ti år, likeve kom knusinga som eit sjokk. Eg hadde ikkje trudd det gjekk an. Det spørs om ikkje eg må ynskje meg ein ny bolle, kanskje i ein annan farge?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Dette er min favorittbolle også! Jeg vokste opp med en i orange, - den hadde vært 30 år nå om den ble med mor og far på siste flyttelasset. Og den fikk jo i oppvaskamskinen (for de andre gamle tålte det jo ikke). Jeg ble så glad da de kom tilbake i butikken igjen!
Artig at druene ble til noe, - håper du finner ut hvordan roten skal taes vare på!
Legg inn en kommentar