9/11/2011

Valkyss

IMG_3765.JPG

I morgon er valdagen her, og i år er det litt spesielt her i heimen. Alfred står på valg, og må nok rekne med å kome inn i kommunestyret. Eg kunne ha sagt mykje om at alle bør stemme på han og slikt, men det greier han heilt fint sjølv.

Mitt valkampbidrag har vore å lære ordførarkandidaten å bake marengs. Ser veldig imponerande ut, men det einaste du treng er eggekvite, sukker og tolmod. Oppskrifta ligg her.

 Uansett kor mykje marengs, muffins, roser og valflesk politikarane sleng kring seg før valdagen er det ikkje det som tel. Det som tel er det engasjementet alle desse politikarane legg ned fordi dei bryr seg om det samfunnet vi lever i. Det er ingen av dei som ventar å få betalt i kroner og ører for alle dei timane dei legg ned, men dei har alle eit brennande ønskje om å gjere ein skilnad og gjere ting betre for oss andre.

Politikk handlar ikkje berre om å krangle, kutte, kreve eller klage. I alle kommunar og alle lokalsamfunn handlar politikk om å bli einige om dei beste løysingane. Og ofte handlar det om prioritering, og dei prioriteringane kan vere svært vanskelege når ressursane ikkje er like store som ønskjelista. Politikarane arbeider med sakene i fleire ledd, diskuterer og tenkjer før demokratiet let fleirtalet bestemme. Eit kommunestyre har mange medlemar, skal spegle kommunen dei bur i, og er like viktige alle saman. Sjølv om nokre tilhøyrer store og andre små parti, er dei ein del av den politiske prosessen.

Eg er imponert og takksam over dei som gjer denne jobben for oss andre i årevis. Iver Nordseth på Smøla har t.d. vore ordførar i 20 år før han gir seg i morgon, det står det respekt av. Og i heimkommunen min Vågsøy trur eg dei kjem til å sakne Geir Oldeide på kommunestyremøte, trass alt!

Landet er fullt av flinke folk på val i morgon, men det er ikkje plass til alle. I kveld skal eg ta meg tid til å kike på alle listene i kommunen. Alle dei som står der skal ha honnør for å ønskjer å vere med å gjere ein skilnad. Kommunen er ikkje større enn at eg vil vite kven dei er. Eg veit også at eit par namn frå andre lister vert med over på mi liste i morgon. Det er folk eg har tru på og tillit til, og gjerne vil skal få vere med å styre kommunen vår.

God val (og heia Alfred)!

9/04/2011

Oslo 2. september 2011





Både Ingebjørg og eg har vore i Oslo i helga. Ho på veninnebesøk og eg på kurs.

Fredag hadde vi nokre timar i lag, så då måtte vi bruke litt tid rundt Regjeringskvartalet. Det er berre fem minutt frå der vi bodde i for nokre år sidan, så det er våre gater og vår del av byen. Det var i desse gatene vi gjekk til og frå biblioteket, t-banen og jobb.

Vi fekk sjå at det framleis er våre gater som ligg der, sjølv om det er stengt og sprengt i Grubbegata. Ingebjørg kjente seg att og brukte kameraet flitting. Mange vindauge er knust og stengt, og nokre ser vi at er heilt nye, så kontrastane er store.

Byen lever vidare med eit stort sår, men det var godt å sjå at kvardagen rundt er på veg tilbake. Det vert aldri heilt som før men vi kjenner det att.

Biletet har Ingebjørg tatt av klokka på Møllergata 19.

9/01/2011

Resirkulert

IMG_3727.JPG

 I dag måtte Ingebjørg og eg berre prøve å lage kartong-lommebok. Ho skal jo til Oslo i morgon, og då er det kjekt å ha med noko og ha pengane i. Vi hadde nesten rette knappen, så det gjekk fint. Lommeboka er sjølvsagt inspirert av Ingrid Riddervoll, og oppskrifta fann vi her. Vi skal nok prøve oss på litt fleire seinare, men no har vi akkurat levert papirboss så det var nesten tomt for kartongar. Denne er appelsjinjus frå Lerum (sjølvsagt på nynorsk).

IMG_3726.JPG