11/30/2010

Kalendertid og oppladning i Berlin

IMG_0330.JPG
Adventskalenderen er på plass i år òg. Alle har hengt på pakkar, så no er vi klar for desember og alt det den månaden inneheld. I tillegg til jul, pepperkakehuspynting, nissefest, julebord, julespeling, julekortskriving har vi ikkje mindre enn to bursdagar i familien.

IMG_0277.JPG

Dei eldste av oss lada opp med ein liten førjulstur til Berlin. I tillegg til restar av muren såg vi...

IMG_0306.JPG

...gamle hus...

IMG_0300.JPG

...nye hus...

IMG_0179.JPG

...og julekuler.

IMG_0232.JPG

Åt godt.

IMG_0249.jpg

Drakk godt.

IMG_0224.JPG

Tyskarane kan der her med jul. Dei rusla rundt på alle mogelege julemarknadar, drakk glüwein og åt smultbakst, rare pøler og kål i alle variantar. Elles slappa vi godt av og kjøpte eit par vesker.

11/21/2010

Desemberklar

Nisseproduksjon må gjerast i november elles vert det ikkje tid. Denne gongen har eg juksa litt og funne fram ein halvferdig feilproduksjon frå 2008.

Det er vel ingen som ser at denne genseren er større foran enn bak... Blåver-nissen er i alle fall fornøgd og legg nok ikkje frå seg desse kleda før ut i januar.

11/08/2010

Pingvinveir


Intensjonen om å strikke varme vottar i høge bunkar til heile familien før snøen kom holdt ikkje i år heller. Eg strikka ein heil vott i juli, men det vart med den eine.

Heldigvis har den fine mannen min handla nye vottar til meg i Tallin. Doble ullvottar med to fine pingvinar på.