
Det lage eit oppskriftshefte frå Rowan i posten då eg kom heim i går. Eg har abonnert på Rowan magazine i fleire år og kosar meg alltid lenge med dei. Det kjem to tjukke magasin kvart år fullt av inspirasjon historier og oppskrifter. Bette bileta er inspirerande sjølv om eg sjeldan strikkar noko frå desse blada. Men dette kom heilt utanom og utan forvarsel. Winter Kids inneheld 20 mønster for ungar frå 3 til 12 år.
Strikketøyet har ingenting med Rowan å gjere. Ideen om å strikke to sokkar på ein gong har sjølvsagt fascinert meg i årevis. Ein av grunnane til at eg ikkje strikkar så mykje sokkar eg jo at eg må lage to like ting rett etter kvarandre. No var alle tynne ullsokkar tynnslitne og eg hadde eit freistande Socks that rocks-nøste liggande. På tide å prøve?
Eg har kjøpt Melissa Morgan-Oakes si bok og fann ein lang rundpinne. Boka har enkle steg for steg-forklaringar, så det gjekk veldig greit. Det gjenstår sjølvsagt å sjå om eg kjem meg gjennom helane?

