5/16/2010

17. mai(tog)kake

IMG_8152.JPG

Ungane fekk frie tøyler og ansvar for å lage kake til 17. mai. Dei samla seg raskt om brownieskake med 17. maitog før dei planla detaljane, skreiv handleliste, handla og bakte. Med ein korpsmusikant og ein fyrsteklassing (som skal bere fane) har det vore mykje snakk om 17. mai-tog dei siste dagane, så det var ikkje så rart at det vart tog på kaka òg.

IMG_8165.JPG

Ingenting er tilfeldig, og dei som går i toget har fått tekst på baksida av fana i tilfelle dei gløymer teksten på Ja vi elsker. Legg merke til dei fine duskane og all raudrussen som spring langs toget. Denne kaka vart så fin at eg ikkje er heilt sikker på om vi kan ete den.

IMG_8147.JPG

Grønt besøk

grønfink

Det har vert langt mellom oppdateringane når eg ikkje får strikka så mykje som eg vil, men sånn brukar det å vere i mai.

Vi har ikkje heilt slutta fugleforinga for i år, for gulspurvane har oppdaga at vi har solsikkefrø. Dei kjem i store flokkar i lag med grønfinkane og et så for dei greier. Vi kikar på dei frå kjøkenglaset, men det har ikkje vore lett å ta bilete. Etter at eg fekk knipsa desse to kom det eit par raudstruper og ein bokfink i tillegg.

5/01/2010

No vel eg har vår

IMG_5455.JPG

Det er mai, så no vil eg ha litt vår snart. På kjøkenbenken var vannmelonfrøa spira fint, og snart skal vi så litt ute òg. Vannmelon er årets ekspriment. Det hadde truleg vor tryggare med tomat, men ikkje så morsomt.