12/08/2009

8. desember



I byrjinga av desember skoldar vi alltid mykje meir mandlar enn vi trur vi treng. Dei skal brukast til litt av kvart, som sandkaker og biscotti. Dei mandlane som vert att etter kakebaksten ristar vi med salt og paprika. Det er så godt at dei sjeldan rekk å kome i kakeboks, så her kjem eit tips for dei som har alt for mange skolda mandlar:

Sett ovnen på 200 grader.

Bland 1/2 ts halvsalt og 1/2 ts paprikapulver el. chillipulver.

Sett blandinga til side medan du ristar mandlane i langpanna i 6-10 min. Pass godt på og rør innimellom, for dei vert raskt brente.

Ha på 1 ss olje og rør til mandlene er dekka av eit tynt lag olje. Strø på salt- og krydderblandinga og rør godt.

Mandlane er best når dei vert servert litt lunka til kaldt øl.

IMG_6482.JPG

2 kommentarer:

U9 sa...

Takk for kjempetips. Fikk salte mandler til jul for noen år siden, og de fikk bein å gå på. Jeg tenkte ikke på at det var noe jeg kunne lage sjøl, mne gjett om jeg skal prøve meg på det? U9

Unknown sa...

Nææææh så bra! VI sto akkurat å pratet om dette og hvordan man gjør det. Takk for oppskrift.