11/30/2009

Ulrik-lue

IMG_6456.JPG

Laurdag kveld fekk vi ein ny helt då Ulrik Munther vann mgp nordic. Ikkje berre song han fint, men han hadde grøn lue. "Kan du strikke sånn, Mamma?", var spørsmålet frå Iver.

Det kunne eg, og det kan du òg dersom du følgjer mønsteret under videoen. Vi kan sjå "En vanlig dag" mange gongar her i huset.



Garn 100-150 gram ekstra tjukt garn.
Her har eg brukt Hubro, men Easy og Eskimo vil fungere fint.
Pinnar Nr 10

Legg opp 30-36 masker på pinne ti. Vil du ha ei lue som heng litt meir ned i nakken legg du opp fleire masker.

Strikk glattstrikk fram og tilbake. Løfta av den fyrste maska på kva pinne. Strikk til arbeidet måler ca 48-54 cm.

Iver si var 48 cm, men andre har sikkert større hovud. Dersom du har høve til å måle på luemotakaren er det sikkert lurt.

Fell av og sy saman til ein tube, snurp saman bak og du har Ulrik-lue.

For dei avanserte kan du legge opp med ein annan tråd som du fjernar når arbeidet når full lengde (t.d. hekla opplegg). I staden for å felle kan du sy saman maskene. Då ser du ikkje skøyten.

Lukke til!

IMG_6450.JPGIMG_6454.JPG

11/29/2009

Peparkakeby

peparkakeby

Vi kom i mål med peparkakebakepyntesøndag i år òg.

Det er tradisjon å fylle huset med peparkakehus, pyntarar, kaffidrikkarar, nonstop, mandarinar, gløgg, seigejulenissar og vørterbrød fyrste søndag i advent. Eg trur både små og store kosa seg og fekk sugd inn litt julestemning før desember tek til.

No er restane montert i bokhylla, så no skal eg slappe av i sofaen og gle meg til jul!

PS Det startar julekalender her på tysdag. Velkomen!

11/23/2009

Ektemann i vinden

IMG_6338.jpg

Eg har ein mann som er meir enn gjennomsnittleg interessert i vindmøller. Då var det berre sjølvsagt at eg måtte dekorere ein tynn genser med passande motiv for vindmøllemøter. Vindmøllemannen var godt nøgd og stiller opp til fotosession i det lysaste rommet i huset.

For dei vindmølleinteresserte eller lokalkjende er det desse fire vindmøllene som har vore modell.

Motivet er plassert for passe bra til Knut Nærum-stilen (om du ikkje veljer ein meir henslengt modell-look).

IMG_6332.jpg

11/15/2009

For jenter med fart og sjølvtillit

IMG_6247.JPG
I haust kom ei ny jente inn i liva våre. Rykta hadde gått om ei forrykande jente som heitte Tonje, og at Maria Parr hadde skrive ei fin forteljing frå ein stad som heiter Glimmerdalen. Ingebjørg vart blodfan frå fyrste bokside, så at mamma skulle strikke Tonje-lue var sjølvsagt. Det var ikkje så vanskeleg. De finn mønsteret nedanfor.

Maria Parr er med god grunn nominert til både Brage-prisen og Bokhandlarprisen for Tonje Glimmerdal. Vi kryssar fingrane for den komande veka.

Tonje Glimmerdal-lue
For jenter med fart og sjølvtillit.

Lua er inspirert av Åshild Irgens sine illustrasjonar til boka Tonje Glimmerdal av Maria Parr. Boka kan du mellom anna kjøpe her.

Garn: Lilla garn med strikkefastheit ca 17 m per 10 cm på pinne nr 4,5-5. Her er det brukt Free Style frå Dalegarn.
Pinnar: Rundpinne nr 4,5 og nr 5.
Storleik: Tonje (Tante Eir)

Legg opp 80 (90) m på pinne nr 4,5. Strikk brot med ei rett og ei vrang maske i 15 (17) omg eller 6 (7) cm. Strikk glattstrikk i 19 (21) cm.

Vreng lua, del maskene på to ulike pinnar og mask sammen slik du ville gjort på skuldra av ein genser. T.d. sy sammen, strikk saman ei maske frå frå kva pinne medan du feller eller fell fyrst og sy saman etterpå. Det siste ligg det ein instruksjonsvideo til her.

No skal lua sjå firkanta ut.

Sy ein frynsedusk i kvart luehjørne. Sy gjennom hjørnet med dobbelt tråd ca 6-7 gongar og knyt godt rundt. Det er viktig at dusken ikkje vert for tung. Då står ikkje frynsene oppover.

Og så er det berre å sleppe jentene ut.

IMG_6246.JPG

11/12/2009

Frå arkivet

PB060155.JPG

Eg har så smått byrja tenke på at vi må få tatt bilete til julekort. I år har eg planar om å få heile familien med, men det betyr jo at vi må vere på samme stad i dagslys. Helst i lag med ein fotograf.

Det krevst plalegging, men vi får det nok til. Inntil vidare får de sjå eit glimt frå 2005. Det året utfordringa var å få to smånissar til å stå i ro samtidig. Helst innanfor biletruta.

No opnar eg gløggen og tek fram den raude genseren ;-)

11/11/2009

Om ein attgløymd artisjokk

IMG_6172.JPG

Kva skjer om du kjøper ein artisjokk som eigentleg er for gamal, fordi du vert så glad for at butikken har artisjokk, og ikkje får tid til å ete den med ein gong?

Då kan den bli liggande på kjøkenbenken som ei gnagande dårleg samvet over det måltidet som ikkje vart.

Når den har lege lenge nok forstår du meninga med det heile. Artisjokken er eigentleg ein knopp som ikkje får lov til å blomstre før den er gløymt.

IMG_6175.JPG

11/10/2009

Nok ein nytt familiemedlem

Dusken

Dusken hjelper til med leksene. Han kom til på SFO og er allereie blitt ein viktig del av familien. Dessverre er han for stor for pennalet og må vente heime. Der er han heldigvis klar til å hjelpe til med leksene.

Det er litt verer å få bilete i arbeid.

Dusken in action

11/09/2009

Farsdag

Farsdag

Det er ikkje problem å feire farsdag sjølv om mamma er på tur. Ingebjørg pakka inn pakke, Iver teikna kort også bakte dei muffins.

Muffinsrøra vart til i sofaen foran barnetv (ein kan ikkje gå glippp av noko), steikt og servert til ein pappa som hadde fått beskjed om ikkje å stå opp. Dersom nokon skulle vere i tvil: Pappaen er ekstra glad i sjokolade.

11/03/2009

Gjesteblogger: Teikna broderi

IMG_6182.jpg

Ingebjørg er gjestebloggar i dag:

Eg har sydd broderiet heilt sjølv.

OPPSKRIFT


  1. Lag ei LITA teigning av noko du syns er fint.
  2. Teikn den over på stoff (med ein spesialpenn som mamma har).
  3. Sy etter strekane.
  4. Sy ein pung av stoffet (mamma hjalp med å sy pungen).


Dette er ein fin julegave.