Viser innlegg med etiketten oppskrift. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppskrift. Vis alle innlegg

3/12/2011

Ikkje eit skjerf

IMG_1150.JPG

Det fyrste strikkeprosjektet kan vere eit skjerf. Enkelt og greit, fram og tilbake, rette masker. For det er faktisk slik at ein må strikke mange rette masker etter kvarandre for å lære seg å strikke. Dei fyrste maskene ser ikkje like ut, og plutseleg manglar det ei maske og ein veit ikkje heilt kva ein skal gjere med det.

Problemet med skjerf er at dei må vere ganske lange for at ein kan kalle det eit skjerf, og for ferske strikkarar er dei uendeleg lange. Dei veit jo ikkje at det går fortare etter kvart.

Ingebjørg har ikkje strikka skjerf, men pulsvarmarar. Det er det fyrste strikkeprosjektet ho har fullført og strikka sjølv. Det har tatt tid, og ho strikkar mykje fastare og raskare no enn då ho starta. Å kome gjennom dette fyrste store (!) prosjektet er ein milepel, så no trur eg ho er klar til å prøve seg på litt andre ting òg.

Pulsvarmar er eit godt fyrste prosjekt for alle som vil lære å strikke eller friske opp strikkeferdigheitene. Det står ei enkel bruksanvisning basert på Ingebjørg sine pulsvarmarar nedanfor.

IMG_1153.JPG

Dei fyrste pulsvarmarane
(kan sjølvsagt også brukast til dei 58. pulsvarmarane)

Vi brukte Misti frå Du store alpakka og liten rundpinne nummer fem (då dett ikkje maskene av på den andre sida av pinnen...).

Legg opp ca 20-25 masker. Dersom du legg opp fleire vert pulsvarmarane lenger, men då også meir å strikke.

Strikk rette masker fram og tilbake. Hugs å telle at du har like mange masker før og etter ein pinne. Dersom du ikkje har det er det best å finne feilen før du held fram.

Når du kan legge lappen rundt handleddet kan du felle av. Ingebjørg har små hender og måtte strikke 18 riller. Sy sidesaumen, men la 2-3 cm vere ope til tommelhol.

Då kan du ta på den eine pulsvarmaren og bruke den medan du strikkar den neste. Lukke til!

IMG_1152.JPG

Dersom strikkaren er veldig fersk kan det vere lurt å ha nokon som strikkar ein pinne i ny og ne for at det skal gå bittelitt fortare.

2/27/2011

VM-lue - dameversjon (med VM-rapport)

IMG_5809.JPG

VM-luene har vore i bruk. Vi fekk oppleve både gull og bronse i Holmenkollen under 15 km for kvinner laurdag. Ingebjørg si lue vart klar kvelden før, så eg rakk ikkje å legge ut oppskrift, men her kjem den om fleire vil prøve seg. Damelua kan du sjå her.

Oppskrift

Str: Dame (jente).
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan brukast og lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 32 (28) masker i raudt. Strikk 1 omg r, med siste maske vr.

1 rille:
1. rad: Løft av 1 m, auk 1 m i neste m, strikk r til du har 3 m att, strikk 2 m saman, strikk siste m vr.
2. rad: Løft av 1 m, strikk r til du har 1 m att, strikk siste m vr.

Hald fram på denne måten og strikk 12 (10) riller raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 12 (10) riller raudt.

Strikk saman med oppleggsrada og fell av, eller fell av og sy saman kantane til eit rør.

Fest trådane og snurp saman på toppen. Eg lagde kvite tette duskar inspirert av VM-luer frå 1966, men det er berre å variere. Vil du ha lua meir posete legg du opp fleire masker, men strikkar like mange riller.

IMG_5803.JPG

Vi gjekk klar t-banekaoset, men tåka kunne vi ikkje gjere noko med. Her kan du så vidt skimte Marit Bjørgen (eller er det Terese Johaug?), og det var omtrent det vi såg.

Det gjorde ikkje så mykje. Vi fekk vere med å heie, høyre speakeren, sjå på folkelivet og ikkje minst sjå fleire lure. Det var mange som hadde strikka sine eigne variantar til heile familien, så eg er ikkje så rar som ein kanskje skulle tru. De ser ein variant av den eg har på dette bilete.

Litt utpå dagen letta det litt og vi fekk med oss eit strålande gjennomført hopprenn i Midtstubakken. Der vart vi til og med intervjua av pr-avdelinga i Ski-VM. Dei hadde også funne nokre tyskarar med kuluer. Les saka her.

VM-bonus

IMG_0325.JPG

Kosedyr må også pynte seg. Her er VM-lue for litt slitte hundar.

Str: Kosehund.
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 12 masker i raudt. Strikk 1 omg r, med siste maske vr.

1 rille:
1. rad: Løft av 1 m, auk 1 m i neste m, strikk r til du har 3 m att, strikk 2 m saman, strikk siste m vr.
2. rad: Løft av 1 m, strikk r til du har 1 m att, strikk siste m vr.

Hald fram på denne måten og strikk 7 riller raudt, 1 rille kvitt, 2 riller blått, 1 rille kvitt og 7 riller raudt.

Strikk saman med oppleggsrada og fell av, eller fell av og sy saman kantane til eit rør.

Fest trådane ekstra godt, snurp saman på toppen og lag dusk.

2/23/2011

VM-lue - no med juniorstorleik

IMG_1014.JPG

Eg er under hard regime og må strikke i alle ledige stunder for å få ferdig VM-antrekka (Iver: Du kan strikke når du har lunsj, mamma!). Dei offisielle VM-luene i svart, kvitt og gult passar seg ikkje heilt når vi skal i Holmenkollen, så det er berre å strikke i veg.

Iver si lue er allereie ferdig, så då er oppskrifta utvida med endå ein storleik. Eg har ein litt anna modell på pinnane til oss damene, så det kan bli fleire oppskrifter før VM er over. Det går sjølvsagt an strikke lua i andre fargar. Tippar gul variant vert fin til påske.

Oppskrift

Str: Herremodell, men passar godt til fruen òg (juniorutgåve).
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan sikkert brukast òg. Lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 45 (40) masker i raudt.
(løft av fyrste maske, strikk rette masker til du har ei maske att, 1 vr)
Strikk fram og tilbaken og gjenta parantesen etter rillemønsteret. Då lagar dei vrange maskene du løftar av fine kantmasker.

Strikk 8 (6) riller raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 8 (6) riller raudt.
Brett rektangelet til ein kvadrat og strikk eller sy saman langs stadene med raudt garn.

Strart i eine sida og plukk opp ca 50 (42) masker med raudt gjennom løkkene langs kanten nede. Strikk rettmasker fram og tilbake til du har 5 riller. Fell laust av og sy saman sidesaumen. Fest lause trådar.

For å lage den avrunda toppen har eg festa saman hjørnene inne i lua. Då held ho fasongen.

IMG_1015.JPG

Lua deltek også på VM-konkurransen hos MadeinNorwayNow. Mange fine luer, og det er lov å stemme fire gongar kvar dag.

2/20/2011

På tide med VM-lue?

IMG_1002.jpg

Sidan denne friskusen fekk VM-billettar til bursdagen måtte han ha VM-lue òg. Vi må jo vise litt att når vi skal til Holmenkollen neste helg. Denne lua er så enkel at du rekk ei hue eller to før onsdag du òg.

Oppskrift

Str: Herremodell, men passa godt til fruen òg.
Garn: Iglo soft frå Europris i raudt, kvitt og blått. Anna garn kan sikkert brukast òg. Lua vert tøyeleg.
Strikkefastheit: 11 m på 10 cm med pinne 9

Legg opp 45 masker i raudt.
(løft av fyrste maske, strikk rette masker til du har ei maske att, 1 vr)
Strikk fram og tilbaken og gjenta parantesen etter rillemønsteret. Då lagar dei vrange maskene du løftar av fine kantmasker.

Strikk 8 rillar raudt, 2 riller kvitt, 4 riller blått, 2 riller kvitt og 8 riller raudt.
Brett rektangelet til ein kvadrat og strikk eller sy saman langs stadene med raudt garn.

Strart i eine sida og plukk opp ca 50 masker med raudt gjennom løkkene langs kanten nede. Strikk rettmasker fram og tilbake til du har 5 friller. Fell laust av og sy saman sidesaumen. Fest lause trådar.

For å lage den avrunda toppen har eg festa saman hjørnene inne i lua. Då held ho fasongen.

IMG_1009.JPG

Lueeigaren Har testa VM-lua i sporet i dag og meiner den er vellukka: Den sit godt på når ein køyrer nedvover i høg fart, er mjuk og strammar ikkje.

No er det bestilt VM-luer til heile familien, så eg oppdaterer med mønsteret på barnevariant om ikkje så lenge.