
Eg visste ikkje kor avhengig eg var av strikking før eg slutta. For det har blitt lite strikking og anna handarbeid denne sommaren. Det einaste eg har strikka er sockapalooza-sokkane mine. Dei vert det meir om i neste post.
For no har eg tid til å strikke litt, og det er godt for både kropp og sjel. Sjølve strikkinga gir nødvendige avbrekk og planlegging av strikking er viktig hjernegymnastikk. Eg trur alle som klagar over ein stressa kvardag burde få nokre strikkepinnar og skikkeleg mjukt garn. på kjøkenbenken ser du starteen på ein vest til Ingebjørg i Hubro. Det var det garnet og pinnane som var mest tilgjengeleg då stikkeabstinensane vart for store.
Vi har fått ny utsikt, nesten fått eit nytt kjøken som fungerer og pakka opp dei fleste kassene. ...og ikkje minst er det minst tre flotte garnbutikkar på min nye heimstad. Eg har tilgang på alt eg treng.
Ikkje det at eg treng så mykje. Det er tilstrekkeleg med garn i kjellaren til ganske mykje strikking. Garnet har ikkje kome på plass heilt endå fordi mitt nye strikkeskap fekk seg ein knekk i flyttlasset, men det kjem seg nok i løpet av veka.
I didn't know I was a knitting addict until I stopped. We moved this summer and my knitting was stored in boxes. The only yarn left was for my sockapalooza-socks (...more on them i my next post)
I really need my knitting for recreation. Making things from only two needles and a yarn is satisfying and calming, and planning all the knitting gives my brain some exercise.
This is my new view, and a new favorite place by the kitchen window. Great for eating, drinking, surfing, knitting and more. This is a great place to look at the rain, have a cup of tea and knit. I'm just looking for a better chair. Maybe this?