11/12/2009

Frå arkivet

PB060155.JPG

Eg har så smått byrja tenke på at vi må få tatt bilete til julekort. I år har eg planar om å få heile familien med, men det betyr jo at vi må vere på samme stad i dagslys. Helst i lag med ein fotograf.

Det krevst plalegging, men vi får det nok til. Inntil vidare får de sjå eit glimt frå 2005. Det året utfordringa var å få to smånissar til å stå i ro samtidig. Helst innanfor biletruta.

No opnar eg gløggen og tek fram den raude genseren ;-)

3 kommentarer:

GURO sa...

Mmmmm, gløgg...
Lukke til med fotograferinga. Eg er ein stor fan av min vesle tripod og sjølvutløysar.

hannem sa...

:)

KirstiL sa...

Eit flott bilete:-)