8/08/2009

Det gror

IMG_5405.JPG
Vi har hatt lang ferie og hagen har fått gro i fred. Det har gitt oss fullt kaos av alt for mange plantar på liten plass og graskar som held på å røme ut av bedet. Jordbæra vart kvelt, men no kan vi hauste litt av kvart anna.
IMG_5391.JPG
Iver har tatt inn det fyrste graskaret frå planten frå barnehagen. Det vog 2,2 kilo, så no vil han ha graskarsuppe. Nokon som har oppskrift? Han har også plukka (og ete) dei fyrste gulrøtene.
IMG_5400.JPG
Kva skal ein med stativ når tomatane kan henge rundt på forvokste graskarplantar. Det vert spennande å sjå om desse vert raude.
IMG_5399.JPG
Marihønene og andre småkryp har vi sjølvsagt plass til. Denne har mange vener og gassar seg i bladlus på agurkurten.

1 kommentar:

Stranger sa...

Jeg vil ikke akkurat skryte på meg en oppskrift, men jeg tror at gresskar i terninger, stekt søte og møre i ovnen med noen løk og salt og pepper, og så blendet med en fløteskvett og litt buljong ville være riktig, riktig godt :)