Merete og ElisabethAugusta har noko dei kallar strikkeklikk gåande. Små strikkeoppgåver som sprer seg rundt i bloggverda. Denne gongen er temaet Rundt halsen.
* gi oss en link til en halsvarmer
* strikk en halsvarmer/ et mønster som vi kan strikke (mønster ute på nettet)
* strikk din verson inspirert av dragon-leopardi og notatene herunder.
Blir du med?
Koden er noe sånt:
12 cm : *2 r, 2 vr* 2 r
4 cm : *1 r, 3 vr* 1 r (første p på rettsiden: *2 r sm, 1 vr plukkes opp mellom maskene, 2 vr* 2 r sm)
2 cm : glattstrikk
7 cm : "tentakler" (*5 m r, snu, 5 m vr, snu* )
Eg har løyst oppgåva litt omvendt, trur eg...
Inspirert av Bente B sitt Noe Noa-skjerf har eg laga ein strikka variant. Halsvarmaren er strikka på langs med blomsterdekorerte tentaklar.
Mønsterert kan varierast i det uendelege med eller utan blomster.
Legg opp nok masker til at skjerfet vert ac 120 cm (strikkefasthet x 12). Strikk fram og tilbake til skjerfet har den breidda du vil ha. Undervegs legg du opp og feller dei 10-15 ytterste centimeterane på kva side. Eg har gjort det tilfeldig med både smale og litt breidare frynsar. Etterpå har eg dekorert skjerfet med helka blomster.
Dette skjerfet er definittivt ein ny favoritt. Eg fekk brukt opp to nøster litt tjukk alpakka som eg har hatt liggande lenge og nokre restar av tynn alpakka. Eg kjem nok til å lage litt fleire skjerf av denne typen. Enkelt og greit, men likevel litt spennande. Eg må ned i garnskapet og sjå om eg har meir passande garn på lager.
Litt usikker på om eg har løyst oppgåva, men det er ikkje så farlig når eg har sånt fint skjerf :-)
4 kommentarer:
Veldig fint skjerf!
Jo,jo!: du har løst oppgaven mer enn tilfredstillende!!! Du kunne ha pekt oss i retning av et spennende halsevarme-mønster, så var den løst. At du to tentakler-oppgaven og tro til med egenstrikk + mønster, det er stort! Så flott, - jeg likte det kjempegodt!
Kjempefin løsning. Og så kjekt å ha deg med i strikkeklikken ;-)
tenkte jeg skulle si at dette er jo et fint mønster du burte ha i sidemenyen, - og det er bare fordi jeg kom hit for å finne det igjen :-)
Håper førjulstia er bra!
Legg inn en kommentar