9/14/2008

Haust/ Fall

IMG_0229.JPG

Endeleg haust.

Tid for ullgenser, strømpebukse, fine fargar og kald klar luft.

Det er ein klisje at alle årstider har sin sjarm - og det stemmer. I overgangen mellom to årstider vert eg alltid glad og gler meg til det som ligg framfor oss. Likevel er det hausten eg ventar mest på. Det er så godt å trekke ned den kalde lufta og likevel kjenne at ein har kledd godt nok på seg.

Eg kjente at eg godt kunne ha teke fram vottane då vi var på sykkelsopptur laurdag. Det var eigentleg berre sykkeltur, men etterkvart vart sopp-plukkepausene mange. I tillegg til denne perfekte flugesoppen (som vi ikkje plukka) vart det både steinsopp og kantarellar.

IMG_0240.JPG

Med nytt kamera vart det ekstra moro med sopptur. Denne fann vi ikkje ut kva var, så den fekk stå i fred.

IMG_0246.JPG

Tilslutt startar eg ein lite føljetong. Dette treet møter meg kvar morgon og med det får eg følgje årstidene. Planen er å fotografere det omtrent ein gong månaden det neste året.

6 kommentarer:

Anonym sa...

For en nydelig fluesopp du hadde funnet og gratulerer med nytt kamera. Gjett om det er noen andre som også ønsker seg nytt kamera?

Anonym sa...

Flotte bilder, det er gøy med nytt kamera! Heldige deg som kan glede deg over høsten, jeg synes den er helt forferdelig, lengter bare tilbake til sommeren. Høst betyr bare at det snart er vinter, og vinteren skulle jeg gjerne kunne hoppet over!

Haust sa...

Herlege soppbilete! Eg er òg jublande glad for den nydelege haustlufta som er i ferd med å ta over etter sommaren. Friskt!

Muffin sa...

Å, dette gleder jeg meg sååå til å følge med på! Jeg har gjort det samme, se alle 12 trebildene i bloggen min. Dette treet var veldig fint, med de knall røde bladene.

Elin sa...

Denne rundkøyringa såg veldig kjent ut. Trur eg har nokre rundar der kvar helg når eg besøkjer mi gamle mor på eldretunet...
Fin blogg!

STRIKKEMOR(O) sa...

Her køyrer eg også kvar morgon på veg til jobb, men kjem frå motsatt side. Artig blogg du har!