9/26/2007

7 ting

070925 oktoberrosahjerte.jpg

Det er ikkje ofte eg svarer på memer, men denne tar eg. Eg er utfordra av
Gud75.

Denne gongen bryr eg meg ikkje om reglar eller å utfordre andre. Skriv sju sanningar om deg sjølv dersom du har lyst.

1. Vottane eg gir til OktoberRosa vart starta for sju år sidan, og det tok berre ein time å gjere dei ferdig (detalj ovanfor).

2. Eg gler meg til jul.

3. Eg byrjer i ny jobb på måndag.

4. Eg har budd kring 20 ulike plassar. Heldigvis har dette vore "periodevis flytting" frå eg var fem til 18,5 budde eg i ro på ein plass, og det var ganske greit. Forrige gong eg flytta var for 4,5 år sidan.

5. Noko av det eg hugsar best frå barndommen er då eg fekk to kilo drops.

6. Favorittfargen min er raud, og eg får ikkje nok hjerter.

7. Eg har gått opp ein halv skostørrelse kvar gong eg har vore gravid.

1 kommentar:

Hilde C. sa...

Så fine bidrag du har til OktoberRosa, jeg så vottene i sin helhet på OktoberRosabloggen nå nettopp. To kilo drops?! Det ville jeg husket også! :-)