3/26/2006

Strikkebokglede



Ein vert glad av å kike i boka "Designstrikk til barn" av Lucinda Guy. Lucindsa Guy er strikkedesigner og har arbeidd tett med mellom anna Rowan. Dei siste åra har ho konsentrert seg om design for born under sitt eige merke. Mannen hennar Francois Hall, er illustratør og grafisk designar. Det er han som står for dei "påkledde" figurane i boka. Det er kombinasjonen av nydelege strikkemodellar og fantastiske teikningar som gjer dette til ei skikkeleg glad-bok. Eg har lånt den på biblioteket og veit at det står andre i kø etter meg, så eg får nyte den nokre dagar til.



Denne fine ullgenseren med hund (og lue og skjerf) skulle Iver hatt til hausten.



Vinterkofta har eg lyst å lage til skulejente-Ingebjørg, men oppskrifta går berre til fem år. Kanskje eg greier å trylle det til? Det ser greit ut få til.

Aller mest ynskjer Ingebjørg seg denne fine sommarkjolen:



Den nye boka And so to bed... er ikkje lansert endå, men kåpa på framsida var månadens mønster i Rowan-klubben i februar. Mykje å gle seg til her òg.

...sa eg at Lucinda lagar kosedyr òg?

Ingen kommentarer: