9/13/2012

Ugler på hendene


Lilla betyr vanlegvis at eg strikkar til Ingebjørg. Ho syklar til skulen kvar dag, så varme vottar eller hanskar må til. Desse uglevottane fann eg mønster til i nettmagasinet Twist collective. Det er eit heilt nettbasert strikkemagasin som kjem ut med jamne mellomrom og har både oppskrifter og artiklar ++. 

Eg synest dette er ein spennande måte å publisere og ta betalt for innhald på internett, så dette prosjektet har eg fulgt ei stund. Sjekk det ut her. Du finn også gamle nummer der, og alle oppskriftene ligg sjølvsagt på Ravelry. Mykje god design og veldig fine bilete. Eg har kjøpt fleire oppskrifter herifrå enn eg har strikka, men så er eg veldig glad i å lese oppskrifter...



9/12/2012

Sommarlett og varm nok for hausten


Sommargenseren til Ingebjørg vart ferdig i tide til ferien og har vore mykje brukt. Pickles-jentene greidde å spore opp eit nøste i rett farge, så då vart den faktisk strikka etter mønsteret (Lett genser). Garnet er dobbelt tynn merino og kidsilk og vert lett, mjuk og pusete.

No når hausten er her hadde det sikkert vore kjekt med litt lenger armar, men det var jo ein sommargenser. Haustbruk er berre bonus, og så mykje som Ingebjørg har brukt denne genseren trur eg ho er nøgd.



















Garnrestane vart akkurat ein liten kjole i str minste tantejente. Kanskje den passar til advent?