7/26/2012

Tantegleder


Gleda med å bli tante er at ein får strikke bittesmå kle - kle som berre skal passe nokre få veker. 

Gleda av å finne mønster som kan passe, garn til årstida og fine fargar. Gleda av tenke på det vesle menneske du skal få bli kjent med medan du strikkar. Gleda over å kome på at ungen treng eit kosedyr og at den kaninen sjølvsagt må ha genser.

Og ikkje minst gleda over å sjå at det faktisk passar. Det såg jo så bittelite ut at eg neste strikke eit sett til i litt større storleik.

Isolde kom ut akkurat når tante, onkel og søskenbarn skulle på ferie, så no har vi har fått helse på ho og resten av familien. Så fin, og så ny. Vi gler oss til å bli endå betre kjent med deg.



Jakka er Gift Wrap Sweater frå Carina Spencer strikka i økologisk bomull frå Pickles. Mjukt og godt til ein sommarbaby. Kaninen berre fann seg sjølv mellom pinnane.

7/08/2012

Strikkekrise




Lita strikkekrise her. Eg er nesten ferdig med genser til Ingebjørg. Ein lett og mjuk sommargenser i merinoull og silkemohair. Dessverre er det ikkje meir merinoull att, no rett før eg er ferdig. Hmmm... Ser ut som Pickles er utsolgt for den rette fargen, så dette er litt krise. Den er fekk er mykje mørkare. Nokon som har ein rest Ojlilla i tretrådsmerino liggande?

7/06/2012

Mønsteret på Kong Audbjørn-lua er klart


I morgon er det premiere på gatespelet om Kong Audbjørn av Fjordane i Eidsgata. Begge karane i familien skal vere med denne helga og i Episode 2 neste helg vert også Ingebjørg med. 

Eg held meg til lisensprodukta. Logoen til spelet er laga av Vegar Heimseter i Veir Media, og den flotte logoen berre ropte at eg skulle lage lue. Iver og Glahn har testa luene på skule og i barnehage. Desse har blitt gode favorittar og sit godt på hovudet. Forma på lua er inspirert av vikinghjelmen, og mønsteret på sidene peikar litt mot flammar.



Mønsterert vert selt i pakkar med garn, og inntektene går til spelet, så desse er det mogeleg å få kjøpt i Eidsgata dei neste laurdagane og på Det gylne snitt elles. Garnet er Falk frå Dale, maskinvaskbart og godt til luer. No spørs det om folk orkar å tenkje på luestrikk no midt på sommaren.

Kong Audbjørn (ca 840-870) var ein småkonge som mest truleg holdt til på storgarden Myklebust. Han var konge over Firdafylket og du kan lese litt meir om han her.

Ein trur det er Audbjørn som ligg gravlagd i Rundehogjen på Nordfjordeid. Filmen Det brente skipet fortel meir om denne historia. Den kan du sjå i NRK Nett-tv her.



Luebileta er tatt av Kristin Rødven Eide/ Fotografen Eide.