6/22/2009

Elskhug og eksis

IMG_4058.JPG

Det er denne veka alt skjer. Dei nynorske festspela startar onsdag, vi slår og tørkar nokre mål høy og ikkje minst har Elskhug og eksis premiere på fredag. Gløymte eg å nemne at det er jonsokafta på tysdag?

Desse bileta er små glimt frå øvinga til årets framsyning av Elskhug og eksis. I år er Ingebjørg ein av 150 aktørar. Resten av familien har berre tid til å sjå på det endelege resultatet, og det gler vi oss til.

IMG_3970.JPG

Nordfjordeid er gamal eksersisplass og teateroppsetjinga ”Elskhug og eksis” skildrar sjølvaste 17. mai 1895. Les meir om stykket og historiene bak her. Billettar finn du her.

IMG_4065.JPG

6/21/2009

Monster i kveldssol

IMG_3954.JPG

Det skjer for mykje for tida, men kreativiteten kan ikkje undertrykkast for lenge i slengen. Akutt sytrong ei kveldsstund resulterte i to monsterpungar.

6/20/2009

Mobilblogging - laurdagsbamse

Eg er ein kjapp tur i hovudstaden. Der hadde eg ein avtale med denne karen og ei symaskin.

6/14/2009

Sommar og elefant/ Summer and elephant

klematis

Det skjer så mykje utanfor datamaskina at det vert lenger mellom innlegga no, men eg er her. Innimellom alle ting som skjer før vi kan ta ferie tek eg meg tid til å ete reddik og kike på den ny ustprungne klematisen. Det var eit eksperiment, men ser førebles ut til å gå veldig bra. Flott farge!

A lot is happening and it will be longer between posts, but I'm here. In between everything I take my time to eat radish and enjoy some garden flowers. Great color!

White Elijah

I serien "MagFly testar mjølkegarn" kan eg no presentere den nye elefantvenen vår. Dei yngste i familien har bedt pent om ikkje han kan få flytte inn permanent, så no har han fått plass i stova. Elijah er eit veldig greit (og barnesikkert) mønster heilt til du sit med fire pinnar og ein heil elefant i fanget, men då var eg jo nesten ferdig.

Mjølkegarnet er mjukt og fint, men litt for tøyeleg til at det vart godt til kosedyr. Eg skal likevel prøve ein gong til med eit heilt nummer mindre pinnar. Han vart mjuk, men eg veit eigentleg ikkje om han held fasongen.

In the series "MagFly testing milk yarn" I can present our new elephant friend. The youngest in the family has asked nicely if he can move in permanently, and he will. Elijah is a great and easy pattern until you sit with four pins and a whole elephant in your lap. ...but then I was nearly finished.

6/05/2009

Brum-brum

brum brum

Vi fekk ein veldig triveleg gjest i dag. Han hadde svært lyst på honning før han måtte legge seg i senga til Iver.

God helg!

We got a very pleasant guest today. He was happy to get some honey and then he went to bed.

Have a nice weekend!

6/01/2009

Sommaren er her

IMG_3842.JPG

Til frukost 1. juni hausta vi eigne reddikar. Vi har bygd nye bed og styrt i hagen innimellom alt anna i vår, og vi kan allereie hauste inn eigenprodusert mat. Reddikane er små, men veldig gode, og dei fleste krydderplantane har slått seg godt til. Ingenting er som rista skjeve med ost og heimelaga kruspersille.

We harvested our own radish for breakfast June 1th . The radishes are young, but taste very good.

IMG_3844.JPG