10/31/2008

Happy Halloween

Happy halloween

Her i huset har freden senka seg etter skummelfest for heile nabolaget. Stor stas for alle med edderkopp-pizza, blodsaft og spøkelseshistorier. Det hadde visst flytta inn eit spøkelse på do òg.

Ha ei skummelt god helg!

This scary monster need to relax after a creepy feast for the whole neighborhood. They got spider-pizza, blood juice and ghost stories before the crowd went into the dark night. A ghost had even moved into the bathroom.

Have a scary good weekend!

10/30/2008

Sju dagar i USA/ Seven days in the US

New york

Dei to eldste i familien har vore ei veke i Amerika. Hovudsakleg i New York, men vi rakk ein tur nordover til Massachusetts og Vermont i tillegg.

USA er eit land ein har mange førestillingar om. Eg hadde mine. Er alt verkeleg så stort? Et dei verkeleg muffins til frukost? Er det ein smeltedigel? Er valkampen så sjuk?

...og svaret er: Ja, USA er som på film, men mykje meir. New York er ein fantastisk by, og det er ikkje mogeleg å nå over alt på nokre få dagar. Vi fekk med oss det viktigast; solnedgongen frå toppen av Rockefeller-bygningen. Det var fantastiskå sjå mørkret sige på frå 78. etasje.

Eg skulle gjerne vore lenger, og må nok tilbake ein gong, men eg er glad vi tok oss tid til dei to dagane i bil. Då ser ein landet på ein heilt annan måte.

I have been a week in America with my husband. Primarily in New York, but we managed to squeeze in a trip north to Massachusetts and Vermont to.

We all have a lot of ideas and imaginations about the United States.I got mine. Is everything really so big? Do they really eat muffin for breakfast? Is it a melting pot? Do they really care about who will be the next president?

... and the answer is: Yes, the United States is like the movies, but much more. New York is a great city, and it is not possible to reach everything in a few days. One of the highligths was the sunset from Top of the rocks.

I'd love to stay longer, and will take another trip, but I'm glad we used two days driving. Driving the US is different from walking the streets of New York. And we managed through Bronx by car.


Vermot-fargarObama

Det er forståeleg at Vermont er ein ynda stat for helgeturar, spesielt på hausten. Haustfargane har ei heilt anna blanding enn heime, småbyane ligg tett og folk er hyggelege over alt. Vi køyrte litt rundt, slappa av og såg litt av New England i vårt eige tempo. Valkamp var det òg.


Vermont is a beloved state for getaways and weekend trips, especially in autumn. The autumn colors have a completely different mix than at home, the villages are small and people is nice everywhere. We drove around, relaxed and saw some of New England in our own pace. And there was an election going on.


Webs

Også fann vi ein garnbutikk. Ikkje kva for helst slags garnbutikk heller, men Webs - Americas Yarn Store. Det fortener ei heilt eiga forteljing. Den kjem i morgon.

Fram til då kan de sjå kva eg gjorde der.

We also found a yarn shop. Not what any kind of yarn store either, but Webs - America's Yarn Store. That deserve its own post - tomorrow.

Until then you can look at what I did there.

10/17/2008

Popcorn

IMG_0706.JPG

Eg hadde heilt gløymt kor lettvint og godt det er med popcorn. Det må vi lage meir av.

God helg til alle mann. Her i huset styrer mamma og minstemann åleine heime og innleier helga med popcorn, Nemo (og strikking).

I din't remember what an easy snack popcorn is. We'll be making more.

Have a great weekend!

10/14/2008

Frå hagen/ From the garden

IMG_0696.JPG

Det regnar, så eg trakkar ikkje så mykje i hagen for tida. Desse var likevel ei positiv overrasking.

Då eg rydda inn sommaren, og pakka vekk alt som kan blåse vekk, for nokre veker sidan var dei fire drueklasane bittesmå og knallharde. Ja, ja, det er vel ikkje lang nok sesong for slikt her omkring, men det er no kjekt å prøve, tenke eg, og var meir oppteken av korleis drueplanten skal overleve vinteren (Det har eg forresten ikkje løyst. Det sto i ei bok at eg måtte grave den ned...)

I dag kika eg likevel litt på drueavlinga og oppdaga at ting har skjedd mellom vindkasta. Det er like før druene er modne. Litt sure, men med rett konsistens og litt større enn sist eg såg over dei. Det er kanskje håp likevel?

Vel inne att hadde eg ei lita ulukke og mista ein god ven. Bakebollen min datt i govet og gjekk i tre delar. Der er rart korleis nokre ting er viktigare og meir i bruk enn andre. Det er alltid denne bollen eg brukar. Ikkje berre fordi den er raud, men på grunn av tyngda i mateialet, krumminga i botnen, storleiken og sikkert mange andre detaljar som berre er der. Rett og slett god design.

Bollen har nok vore med oss i nesten ti år, likeve kom knusinga som eit sjokk. Eg hadde ikkje trudd det gjekk an. Det spørs om ikkje eg må ynskje meg ein ny bolle, kanskje i ein annan farge?


IMG_0701.JPG

10/10/2008

Snart jul?/ Christmas?

IMG_0631.JPG

Eg er eit julemenneske. Å glede seg til jul, og å glede seg til å glede seg til jul har alltid vore veldig viktig. På veg mot desembermånaden er KK si juleutgåve ein av milepælane, men i år kom det litt brått på.

Ein skulle vel kanskje ikkje tru det sidan eg har teke fram julepynten!

Juletreet er ei gåve til Iver frå Italia. Juletret er handlaga i glas frå øya Murano utanfor Venezia og den perfekte gåva til ein gut som veit å gle seg over glitrande detaljar. Han har fotografert sjølv.

No er det vel på tide å gle seg til jul snart?

God helg og kos deg med dette biletet eg fann via Craft Magazine!

I'm a Christmas person, and it is time to start the preparations...or start thinking of them. That's half the fun.

KK is my "must have" norwegian Christmas magazine. When this years issue arrives the store shelves it's allowed to start thinking about christmas.

The small glass tree is a gift for my son from my trip to Italy. He loves his tiny tree and photographed it himself.

Have a nice weekend and take time to see this great photo!