5/27/2008

Sjekk den bilen


Marimekko-bil
Originally uploaded by mujitra

Dette er noko for meg når eg fresar over fjellet kvar morgon.

Eg fann bilete av bilen via Marimekko-bloggen. Noko å tenkje på?

Ny bok/ New book


Eg vart utfordra av Felisi i dag:
  • Plukk opp den nærmaste boka
  • Slå opp på side 123
  • Finn den femte setningen
  • Skriv ned dei tre neste setningane
  • Gi utfordringa vidare til fem nye
Det passa bra, for akkurat i dag kom Yarn Harlot si nye bok i postkassa mi Eg hadde tenkt å spare den litt, men her kjem ein liten smakebit frå side 123.
As a result of these personality traits, I've really had to work at trying to leart that haste makes waste. 
Things I learned from Knitting ...whether I wanted or not av Stephanie Pearl-McPhee er ein lite godbit av ei bok. Den kostar ikkje skjorta heller.

Dei som ikkje har oppdaga "The Harlot" har noko til gode. Ho er fulltids strikkehumorist, så istaden for å sende utfordringa vidare ber eg alle ta ein kveldstur innom bloggen hennar.  

I got tagged by Felisi today:
  • Pick up the nearest book.
  • Open on page 123.
  • Find the fifth sentence.
  • Post the next three sentences.
  • Tag five people, and acknowledge who tagged you
Luckily I got the latest book from Yarn Harlot in the mail today; Things I learned from Knitting ...whether I wanted or not by Stephanie Pearl-McPhee. This is a small and beautiful
book. I was going to save it a few days, but here is a sneakpeak from page 123:
As a result of these personality traits, I've really had to work at trying to leart that haste makes waste.
Stephanie Pearl-McFee is a fulltime knitting humorist. Go over and read her blog!

5/22/2008

Miniature sock

IMG_3680.JPG

The owl has landed!

This sock necklace arrived in with Lulu in Portland yesterday. The sock is knitted with 1,5 mm dnps and alpaca yarn from Garnstudio.

This was fun, and i might knit more necklaces.

5/21/2008

My minisock has arrived

IMG_3697.JPG

Det kom ugle til meg òg. Med seg hadde ho ein bitteliten Griffingsokk med nøkkelring. Det er Kaae i Danmark som har strikka den, og ho har lagt ved supermjukt merino-sokkegarn i Griffingfargar. Garnet er superwash og heiter arvetta.

Det vert eit par Griffing-sokkar til Ingebjørg av desse nøstene - eit passe reisestrikketøy når eg skal på hyggetur til København til helga.

Tusen takk, Kaae!

An owl came my way. She brought a miniature sock from Kaae in Denmark.

She spolied me with some great yarn as well. Arwetta is a soft merino sock yarn, and I will use it for Gryffindor socks for my daughter. A perfect project to bring on my trip to Copenhagen this weekend.

Thank you, Kaae!

Handlenett i lomme

My creation

Kuriosa har arrangert ein handlenettkonkurranse på Hobbyboden, og her er mitt bidrag. Eit enkelt handlenett som kan brettast sammen i ei lita mappe. Lett å ta med i veska, eller ta med seg når ein spring fort ut døra for å nå butikken før den stenger.

Det er vel ikkje tvilom at vi ikkje treng plukke med oss så mange plastposar som vi gjer, men det er ikkje så lett å hugse å ta med seg ein pose heimanfrå eller eit stoffnett. Eg har difor laga eit nett som lett vert lite og ikkje så vanskeleg å ha i veska. Dersom eg vil er det også plass til ein ekstra plastpose eller to i lomma. Når nettet er i bruk er lomma på innsida og kan t.d. brukast til bilnøklar og slikt.

Målet for Kuriosa var at nettet ikkje skulle koste så mykje, men vere laga av materiale ein hadde frå før. Eg har sydd lommenettet av eit gamalt dynetrekk frå IKEA. Dette kosta ca 15 kroner og vart brukt som duk i bryllupet vårt. Lomma er laga av ein stoffrest eg hadde liggande. Nedanfor ser du korleis eg brettar nettet.

IMG_3714.JPG
IMG_3715.JPG
IMG_3716.JPG
IMG_3717.JPG

Du kan sjå alle bidraga i konkurransen her. No stemmer vi over vinnaren her. Det er spennande å sjå kvafor løysing folk likar.

5/13/2008

Ugla er klar/ Owl is ready

IMG_3681.JPG

Eg har meldt meg på minisokk bytting med Harry Potter-tema, på Ravelry.

Alle strikkar ein liten sokk i husfargane til den ein skal sende til: Heilt usakleg eigentleg, men eg slepp å tenke på 2. sokk-syndromet i alle fall. Eg vil ikkje vise fram sokken før den kjem fram til mottakaren, men i på ekte Harry Potter-vis er ugla gjort klar for avreise.

God tur!

I joined Harry Potter-mini sock swap at Ravelry. It's just for fun, and you knit a miniature sock in your friends house colors and send it of. No worries about the second sock-syndrome.

I will not show any sock until it reaches its receiver in Portland US, but the owl is ready for take of. It's flying into the night now.

Have a nice trip!

5/09/2008

Hage - kva gjer eg med det?

IMG_3631.JPG

Vi har fått hage, så eg prøva å finne ut av kva type hageperson eg eigentleg er, og korleis den der hagen skal vere. Den vakraste blomsten per 9. mai er Jonsokkoll, og den kom heilt av seg sjølv.

I utgangspunktet er eg vel meir enn gjennomslittleg interessert i å sjå at ting gror, men har relativt lite tid til å vere gartnar.

No skal det seiast at hagen ikkje er plagsomt stor, har meir en 45 gradar helling på meir enn 70 prosent av "plenen" og er dominert av ein strålande terrase på over 30 kvadratmeter. Det vert nok ikkje kjøkenhage a la Hilde.

Tilbake til drøymehagestituasjonen der eg ligg lett henslengt i ein mjuk liggestol med ei bok. Eg kjenner at solstrålane varmar over heile kroppen. Hagen ser passe både velstelt og uryddig ut, det bugnar av blomster i mange fargar litt her og de. Eg kan eg strekke meg ut etter eit perfekt jordbær frå i ei krukke på terrassen.

. . .

Det er ikkje så ofte eg får sjansen til å ligge i ro og lese i ei bok medan sola er oppe, og det jordbæret vil nok sonen min uansett ha ete før meg, men det er lov å drøyme.

IMG_3622.JPG

Teoretisk sett skal denne blomsterkassa snart bugne av blomkarse (den er til og med sjølvvatnande), men eg er litt skeptisk. Vi får sjå kva dette blir til i juni.

Dersom teorien stemmer har eg ved relativt lite arbeid fiksa litt av drøymehagen. Blomkarse er ein av dei sommerblomstrane eg likar best. Passe ruskete i veksten og veldig fargerik - også kan det etast...

Eg trur hageplanen for i år vert å gjere litt arbeid for å sleppe å gjere så mykje seinare. Ein hage som stortsett greier seg sjølv, men der vi kan sjå at ting veks og endrar seg.

IMG_3629.JPG

Her innser eg at tulipansesongen er på hell, og det ser ikkje ut som noko anna har tenkt seg opp av jorda etterpå. Eg har difor kjøpt inn stauder som blomstrar til ulik tid utover sommaren. Staudeerfaringa er mangefull, så årets haging vert eit ekspriment. Dei to grøne buskene er litt for symmetrisk for meg, men dei kan eg vel flytte på, eller...?

IMG_3630.JPG

Dei forrige hageeigarane har nok vore glad i roser, og dei blomstra veldig fint i fjor haust. Eg kunne plukke inn roser heilt til november. Vi har beskåre dei etter beste evne, men det vil vise seg korleis det utviklar seg. Eg veit jo ikkje om desse buskene er meint å bli store eller skal kuttast heilt ned kvart år.

Eg har nok ikkje funne den indre hagesjela mi heilt endå, men eg er nok interessert.

5/04/2008

Smaken av vår/ Taste of spring

IMG_3601.JPG

Eg sprang rundt på vestlandsmarkane og smakte på mykje rart då eg var lita, og noko av det fyrste som kom fram om våren var engkarse. Fyrst dei krøllete små knoppane som lova vår, også nokre soldagar seinare eit hav av lette, lilla blomar. Dei smakar litt bittert, men kan minne om ruccola.

Smaken av dei fyrste engkarse-knoppane er for meg smaken av vår. Gled var difor stor då eg oppdaga at hagen vår er full av sorten. Det er spanande med nytt hus og ny hage. Vi veit jo ikkje heilt kva som skjer der ute etter kvart som det vert varmare i veiret.

Planten er ei god C-vitaminkjelde, så det er berre å bruke den i salat.

I was raised on the west coast of Norway, wherecuckoo flower is one of the first signs of spring. I remember the taste of the first flower buds as the taste of spring, and was thrilled when I saw these flowers in our new garden. Nice source of C-vitamin and a great garnish to any spring salad.

Vår

5/01/2008

Musa Nokia/ Nokia the mouse

IMG_3547.JPG

Nokon er meir glad i mjuke ting enn andre. Iver har nok ein gong fått ynskje om eit nytt kosedyr oppfyllt.

Det er vel den perfekte kombinasjonen - ein mamma som likar å strikke små vesen og ein son som ikkje kan få nok mjuke vener. Sidan hovudvenen Hunden av ein eller annan grunn har overnatta i barnehagen og Iver låg slapp på sofaen etter ei natt med oppkast, passa det godt at mammaen kunne trylle fram ei ny mus i dag.

Mønsteret er henta frå Lucinda Guy si fantastiske bok "Designstrikk til barna" den har eg sikla på lenge, så under Mammutsalet i vår slo eg til. Den har både kosedyr, kle og andre småsaker. Dessverre berre opp til str 5 år, så no er vel ungane mine snart for store. Det er illustrasjonane med kombinasjon av fotografi og teikning som gjer denne boka spesiell.

Kosedyra er strikka i intarsia (norsk ord her?), og det er ikkje min favoritt, men eg må ver berre øve meg på det òg :-). Musepappaen er i alle fall fornøgd og har kalla musa opp etter ein dverghamster som heiter Nokia.

I love knitting softies, and my son can't get enough of them. This sounds like a perfect combination, but he has a lot of softies...

Iver was sick and his best friend Dog had a sleepover in the kindergarten to night, but at least his mum could make him a mouse. The mousepattern is from Handknits for kids by Lucinda Guy


Ravelry

IMG_3546.JPG