3/31/2007

God påske/ Happy Easter

IMG_1638

Ein av bursdagspresangane mine kom i tide til å vere med på påsketur. Eit gåvekort på Amazon er brukt til "The secret life of a knitter", "The friday night knitting club", "Spin to knit", "Knitting rules!" og"Knitting nature". Det var fantastisk å berre bestille dei bøkene eg hadde lyst på. Tusen takk!

Her har eg altså to inspirerande strikkehumor-bøkar av sjølvaste Yarn Harlot, ein strikkeroman, ei oppskriftsbok som passar for biologar og ei grunnbok i spinning.

Med så mykje bøker har eg berre tatt med eit bittelite strikketøy. Det var også ein bursdagspresang. Raud og oransj alpakka skal bli til eit par Anemoi mittens. Eg reknar med eg treng vottar neste vinter òg.

Dei observante har vel også lagt merke til at strikketøyet mitt bur i ei Felisi-mappe. Eg har stått imot lenge, men då ho hadde laga ei svart og raud med strikkeuttrykk på berre måtte eg ha...

God påske!

I got one of my birtday presents just in time for our Easter vacation. Look at all these knitting books: "The secret life of a knitter", "The friday night knitting club", "Spin to knit", "Knitting rules!" and "Knitting nature".

With all these books I only brought a small Easter knitting. It was perfect in my new knitting bag...

Happy Easter!

3/23/2007

Eit godt råd/ A good advice

An advice

Det er ikkje lurt å legge garnet på bordet dersom ein drikk raudvin til strikkinga. Ein kan nemlig kome i skade for å sette vinglaset på tråden. Dersom vinglaset står på tråden i det sekundet du treng meir garn og nappar litt i nøstet vil det forsøke å fly.

Det er mogeleg å fange eit vinglas i lufta mens ein strikkar, men før du kjem så langt har det kanskje hoppa kjempehøgt og spreidd innhaldet i glaset som eit fint lag utover sofaen. Det gir mykje unødvendig arbeid. Spesielt dersom du har beige sofa...

God helg!

If you drink red wine with your knitting do not place your yarn at the table. A glas put on the tread will try to fly if you pull your yarn.

You might be able to catch your glas, but not the content. This gives you a lot of unneccesery work and loss of valuable knitting time. Especially if your sofa is beige...

Have a nice weekend!

3/21/2007

Geek pullover #2

0703121 betre snurr.jpg

No vart det betre. Eg slapp å rekke opp alt, men dei fire ytterste trekant-rundane er strikka på nytt. Denne gongen plukka eg opp litt fleire masker langs kantane, og då gjekk det fint.

Iver har godkjent storleiken, så no er eg i full gang med å strikke ryggen. Den er ikkje så morsom, så det vert ikkje så mange undervegs-bilete.

This looks right. I didn't frog everything, but the last four rounds of triangles are re-knitted. I picked up a few more stitches than the patten asked for and got the right measures.

The size is ok, and I'm knitting the back now. Stay tuned...

3/15/2007

Arrgh...

070315 snurrearrgh.jpg

Det her går ikkje heilt bra. Eg har fulgt oppskrifta, men det vert rett og slett ikkje flatt, og heller ikkje stort nok. Det er ikkje anna å gjere enn å rekke opp ein del og gjere litt om på mønsteret. Eg skal plukke opp nokre masker meir enn det mønsteret ber om.

Dei som vil sjå ein ferdig snurregenser kan ta ei tur hit. Eg har valgt eit anna garn, så det er vel ikkje så rart at eg har fått eit lite problem.

This is not going my way. I use a different yarn than the pattern asks for, and I need to pick up some more stitches on the edges to get a flat sweater. It's time to frog and try one more time.

To see a finnished geek sweater take a look here.

3/11/2007

Geek pullover #1

070311 snurregenser.jpg

Snurregenseren er i produksjon. Fronten vert laga ved at du fyrst lagar eit kvadrat sett saman av åtte (!) trekantar. Så plukkar du opp masker langs ei side og strikkar ein trekant mens du feller til du har ei maske att. Det samme gjer du langs alle sidene. Då har du eit nytt kvadrat og gjentar runden. Det er ikkje så vanskeleg som det høyrest ut...heldigvis!

Sidan eg ikkje brukar heilt samme garn som i oppskrifta vart den litt mindre, men då var det berre å ta ein ekstra runde. Iver er fornøgd, prøver stadigvekk om den passar på magen og den siste kommentaren var: "Den er så flyktli kjempemjuk!".

Eg håper å få ferdig fronten i løpet av kvelden.

The geek pullover is really fun to knit, and Iver is really looking forward to get his "soft pullover with swirl". I'll finnish the front this evening.

...to be continued...

Påskemagnetar/ Easter magnets

IMG_1577.JPG

Ungane har fått lage påskemagnetar i dag. Påska er jo her før vi får sagt mars rekna eg med.

Desse er ganske morsomme og lette å lage. Figurane er sydd i filt, også har vi putta inni litt vatt og ein liten magnet (hugs å snu den rett veg).

Iver måtte ha litt hjelp til syinga, men har trekt ut nåla for kvart sting sjølv. Augene har han limt og plassert mens mammaen tok seg av snuten. Ingebjørg greidde det meste sjølv.

The kids and I made these easter magnets today. They easy and fun to make. Made from felt and filled with polyfill and a magnet.

Ingebjørg did most of the chicken alone, but Iver needed some help with the sewing. He pulled the needle and was very careful not to hurt himself or mummy.

3/09/2007

92 gram ull/ 92 grams of wool

070309 stovlettar og garn.jpg
Eg har ein mistanke om at ein del av bursdagsgåvene mine kjem til å dukke opp i bloggen dei neste vekene. Her er med andre ord mine nye støvlettar: Burgunder Camper støvlettar. Dei er fantastisk gode å ha på, og no desse skal eg prise våren i.

Problemet er at alt mitt knallraude tilbehør ikkje har heilt rett farge. Sidan eg er ein strikkar bør det ikkje vere noko problem for meg, men eg treng nokre gode tips denne gongen.

I garnhaugen fann eg 92 gram supermjuk merino frå Uruguay. Fargen er heilt perfekt, men eg har ikkje så veldig mykje garn. Lue greier eg meg nok utan, men eg må ha eit lite skjerf i halsen.Strikkefastheiten er 12m per 10 cm på pinne nr 8. Nokon som har eit godt innspel?

New boots!

...but I need a scarf idea for my 92 grams of soft merino wool.

I have a lot of red accessories, but the boot are a bit more burgundy. I have only one skein of this yarn with the perfect colour. It should be enough for a spring scarf. Pattern ideas anyone?

3/08/2007

Kunsten å fylle 31...eller 11111



Bursdag er fine greier, frukost på senga, kake og pakkar. Eg har til og meg fått garn!

Alderen er 31, og eg vart litt opphengt i alderen min i dag. Er ikkje 31 litt kjedeleg? Det er liksom ikkje noko med den bursdagen. 30 var det litt fest over, mykje snakk om og halloi rundt. 31 er er litt meir anonym bursdag, og eg føler meg litt midt mellom. Verken skikkeleg voksen i tredveåra eller ung voksen.

Etter litt grubling kom eg heldigvis på fleire artige ting om talet 31.
  • Det er eit primtal.
  • Det er den høgaste datoen ein kan ha.
  • Atomnummeret til grunnstoffet gallium
...også gjekk eg på nettet:
Gratulerer med kvinnedagen!

3/06/2007

Bestilling/ Order

070305 nerdegenser.jpg

Iver (3 år) har bestilt genser frå mamma. I forrige veke såg han at eg strikka på den nye genseren min, og lurte på kvifor eg strikka den til meg når han ville ha ein genser.

Mamma: Kvafor ein genser er det du vil ha då?

Iver: Den jeg såg på datamaskina.

Mamma: Sammen med meg?

Iver: Ja

Mamma: Korleis såg den ut då?

Iver: Den var på datamaskina (her prøvar han å opne macen)

Mamma: Kvaslags farge var det?

Iver: Blå og grønn og sånn snurr. Du kan strikke den etterpå.

Det er denne han vil ha. Eg har bestilt boka Loop-d-Loop av Teva Durham, og i går var vi og kjøpte inn garn. Denne snurren er kjempegøy å strikke, og med dobbel babyull går det unna. Det er sikkert like greit, for han som har bestilt den er litt utålmodig.

Den boka har forresten veldig mange fine oppskrifter. Minst tre eg må lage snart...

Iver (3 years) has been looking over my shoulder and reading knitting blogs. He fell in love with child's geek spiral pullover from Teva Durhams Loop-d-Loop. I got the book (great book by the way...) and yarn yesterday, and this is perfect knitting for me. The yarn is double Baby wool from Dale.

3/05/2007

Tjukk, varm, svart genser/ Big, warm, black sweather

070305 svart genser.jpg

Eg er ein frostpinn og fullstendig avhengig av tjukke ullgensrar i vinterhalvåret. Det hender eg tek dei på om sommaren òg. Eg har vore på jakt etter ein svart, tjukk genser som er akkurat passe tettstittande til å ha under ytterjakker utan å sjå ut som ein Michelin-mann. Med andre ord; den perfekte ullgenser.

Etter å ha målt kroppen min opp og ned har eg difor strikka denne genseren i Hubro frå Dalegarn. Den er litt inspirert av Rogue og elles uttenkt på eigahand. Det er ikkje så lett fotografere alle detaljane godt på ein så svart genser, men den er glattstrikka med fletter i sidene og oppover langs armane.

Om det dette er den perfekte ullgenseren får tida vise, men førebels ser det lovande ut.

I'm always cold and need a lot of warm sweathers and i have been looking for the perfect fit for i while.

This could be the perfect black, thick, warm sweather for every use. I measured my body up and down and came out with this. It is my own pattern, but clearly inspired by Rogue.

3/02/2007

Bjørneteater/ Theater of bears

070302 handdukker.jpg

Ingebjørg har sydd ein bamse på skulen dei siste dagane. Dei har klipt, sydd og limt ei handdukke kvar. Mamma vart veldig imponert! Ingebjørg sim bamse har både krone og klær og heiter Bjørn.

Iver vart omtrent lilla av misunning, så mamma måtte finne fram symaskina (før middag) og lage ein til. Det er ein prinsessebjørn, og Iver har limt på ansiktet sjølv.

No er det klart for førestilling...

God helg!

Ingebjørg made a bear puppet in school this week. They have been cutting, sewing and gluing. I'm impressed.

Her little brother demanded one for himself too, and I had to whip up one before dinner. He is quite satisfied with the results, and insist that the brown bear is a princess.

We are ready for a show!