4/29/2006

Backtack 3 - #2

Dette er ikkje Backtack 3-kosedyret mitt, men ein slags prøvekanin. Eg har ikkje strikka kosedyr i alpakka (Baby silk) før, så eg lagde eit testdyr før eg starta på det verklege backtack-prosjektet.

Garnet er sjølvsagt fantastiskt mjuk og godt. I tillegg er det stødig og held fasongen godt. Den kombinasjonen er viktig når ein skal strikke figurar, så det var artig å prøve noko nytt. Baby silk-garnet gir litt luksuskjensle, men eg er ikkje sikker på om eg hadde brukt det til ein baby. Eg veit ikkje korleis kosing og vasking vil påverke prøvekaninen.

Heldigvis slepp eg å tenkje på det når eg strikkar til ei voksen dame. Backtack-vesenet skal vere mindre enn 20 cm. Prøvekaninen er 14 cm, så det neste vert litt større. Kjoledesignet må eg også jobbe litt meir med.

The knitted bunny is a test run for my Backtack softie. The yarn (baby alpaca and silk) is new to me and the result i so soft and give a luxury feeling.

The real Backtack softie will be a bit bigger and I will make a new dress design

4/25/2006

Loppeskatt



Denne fine kakeboksen fann eg på loppemarked i helga. Litt godt brukt, men eg likar godt denne typen gamle boksar. Spesielt dei som er firkanta. Eg trur denne skal fyllast opp med perler eller stoffbitar... Det vert i alle fall ikkje kaker!

Ny nålepute - new pincushion

Eg har fått superfin nålepute frå Tussi. No er det mange som har fått sine nåleputer i Nåleputebytte på Hobbyboden. Det vart mange ulike variantar, og eg reknar med at det kjem fleire i løpet av dei neste dagane!

Dei som ikkje har fått nok av nåleputer endå kan ta seg ein kik innom Bogga J si nye utfordring; Pincushion challenge!. Tema for mai er frukt. Fekk brått lyst å lage banan nålepute...

I got my pincushion in the pincushion swap from Tussi. You can see some of the pincushions in the swap here.

Bogga J has set up a new challenge for those hooked up in pincushions: Pincushion challenge!.


060325 naleputeknapp.jpg

4/23/2006

Whiplash - mood magnets



Whip up er ein av mine absolutte MÅ innom-bloggar, og akkurat no arrangerer dei ein konkurranse - whiplash. Vekas tema er "Your surly side" eller "di sure side". Når eg er sur har eg ikkje lyst å snakke med nokon. Då kan det vere kjekt å ta fram sur-magneten min og gje beskjedar på den måten. Sidan eg ikkje er sur så ofte har eg laga ein blid magnet òg.

Desse magnetane var kjempegøye å lage - og veldig enkle. Tusen takk til Bente B for super bruksanvisning. Eg og Ingebjørg kosa oss veldig med dette, så vi skal lage mange! Det vart mellom anna nokre skikkeleg MagFly-mangetar.

This weeks Whiplash-theme is "Your surly side". I´m not talking to much when I´m surly (sur in Norwegian...) and made a surly marble magnet to make communication easier. Lucily surly is not my main mood, and I had to make a happy face as well.

whipup

4/21/2006

Backtack 3 - #1

Eg hadde klokka på ring midt på natta 11. april, og resultatet vart ein av dei 100 plassane i backtack 3 (BT3). Årets tema er kosedyr, men ikkje kva som helst slags kosedyr. Det er strenge reglar: Kosedyret skal vere i svart og kvitt, og ikkje meir enn 20 cm høgt. Du kan bruke ein tredje farge, men ikkje til meir enn 20 prosent. Du skal bruke fem knappar og forbokstaven til den du lagar kosedyret til. Det vert spennande å sjå kva som vert utav dette. Hundre ulike og like kosedyr på ein gong!

Eg skal lage mitt kosedyr til Philippa i England, og Belinda i Australia (!) skal lage til meg. Begge desse er ukjende bloggarar for meg, men eg ser fram til å utvide blogglista mi. Rekna med at det kjem mange backtackarar på den lista etter kvart.

Baby silk frå Du store alpakka er mitt utgangspunkt. Fordi eg er best på strikking er det best at eg strikkar dette kosedyret. Det kjem undervegs-rapportar...

My wake up call at 00.58 AM April 11th resulted in me being one of the 100 lucky backtack 3 (BT3) participants. This time is everybody making black-white softies (only one additional colour) with five buttons and the initial of the person you are making for.

Belinda in Australia (!) is making my softie. It´s amazing that someone on the other side of the world is making something for me. I´m making a softie for Philippa in England. These two girls are new bloggers for me, and I look forward to learn more about them.

I´ve selected this soft alpacca and silk yarn. The pattern is still in my head...

...to be cotinued...


Endeleg vår



Då vi kom heim etter påske var snøen i bakgården heldigvis borte. Vi kunne sjå graset, ta fram sykkelen og ikkje minst gå i lette sko. For vår urbane småbarnsfamilie betyr dette starten på ein lang sesong med pølsemiddagar i bakgården. Gjerne med nok pølser til alle naboungane òg.

Velkommen ute- og pølsesesong!

Spring is here with birds, bikes and small shoes. For our urban family this is the season for outside sausage dinners!

4/19/2006

Nåleputer/ Pincushions



No er det like før fristen for sending av nåleputer i nåleputebyttinga på Hobbyboden. Eg har laga fire variantar av samme ullstoff. Nokre har fått oppheng og andre litt tyngde i botn (ris) slik at dei ligg i ro.

I made some pincushions for the Pincushion swap at Hobbyboden.

060325 naleputeknapp.jpg

4/18/2006

Språkmelding/ About language

Denne bloggen er hovudsakleg på nynorsk, men sidan eg etter kvart har fått nokre internasjonale lesarar kjem eg til å blogge litt på engelsk også.

Eg har sjølvsagt vurdert å skrive berre engelsk, men den kjennest mest rett ut å bruke morsmålet. Dei fleste av mine faste lesarar (God morgon, Britt!) er dessutan norske og best i norsk. Biletene får tale for seg sjølv, også skriv eg litt på engelsk innimellom. Engelsken er såpass rusten at eg sikkert treng litt trening også.

This blog is mainly in Norwegian, but I feel that I should give my foreign readers some words as well. The English version is shorter, but feel free to comment and ask questions.

Hemmeleg bamsepakke



Aprilpakken i Hemmeleg ven var ein skikkeleg bamsepakke. Bamseoppskrift m/ stoff, bamsegryteklutoppskrift m/ garn, musikk, sjokolade (..mmm...) og eit skikkeleg fint kort. Det var ei hyggeleg overrasking i postkassa då vi kom heim frå påskeferie. Gler meg til å lage nok av alt det her. Tusen takk min hemmelege ven!

The April present from my secret pal at Hobbyboden was filled with teddy bear stuff. A great suprise in the mail when we came home from our Easter holiday.

4/06/2006

God Påske!



Strikkepinnar kan brukast til så mangt...

MagFly-bloggen tek påskeferie, og målet er at den skal framstå i litt ny drakt om eit par veker. Den som ventar får sjå.

God påske alle sammen!

Mamma testar symaskin



Ein mamma med ny symaskin betyr til dømes nye vesker til Ingebjørg og Iver. Vi skal reise på påskeferie i morgon, og då passar det fint med nye vesker. Kanskje ligg det noko spanande oppi også?

Høneveska til Iver er ikkje heilt ferdig, men vert det vel i løpet av kvelden. Den har hønefor og glidlås. Eg støtta meg på denne bruksanvisninga undervegs. Snora er ganske lang, men kan knytast i rett lengde.

Ingebjørg har fått ein litt større variant med trykk-knapp. Den har god plass og er god å bære sjølv. Eg brukte denne bruksanvisninga til å lage lommebok som passa til.

Syerfaringa mi er ikkje så mykje å skryte av, men det kjem seg for kvar dag. Symaskina fungerar etter forventningane og det er supergøy!

4/05/2006

Kari og Beate



Grunnmønsteret mitt kan varierast til ulike kosevesen. Denne gongen vart det katten Kari og bjørnen Beate. Med desse to har eg testa alle dei ulike ullfilt-stoffa mine. Ullfilt er eit fantastisk materiale. Kosedyra vert stødige og gode (...og holdbare, trur eg...) av skikkeleg stoff. Det er framleis litt meir stoff igjen, så det vert kanskje fleire. Eg har i alle fall fleire idear.

BACKTACK III vart offentleggjort idag. Eg har hatt stor glede av å sjå alle veskene som vart laga i BT2, og var veldig spent på om BT3 var noko for meg. Det var det definitivt. I BT3 skal ein lage kosedyr. Riktignok etter spesielle reglar, men det er det som gjer det spennande. Eg reknar med at variasjonen vert stor sjølv med så strenge retningslinjer, og har allereie fått mange idear.

Påmeldinga startar ikkje før "9.00am Australian EST on April 11th". Problemet er at berre 100 bloggarar får vere med, så eg må nok finne ut at tidssonene og sitte klar. Dette vil eg vere med på!