3/29/2006

Elefanten Elsa



Elefanten Elsa er nysgjerrig, og lurer på om ikkje det snart vert vår ute. Ho er laga i ull og lin etter eige mønster. Elsa får fleire nye vener snart.

Kva skal eg lage av desse pingvinane?



Eg kom over denne biten pingvin-fleece her om dagen. Veldig fine pingvinar, men eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke det til. Førebels har ungane anektert stoffet som koseteppe.

Gode forslag?

3/26/2006

Strikkebokglede



Ein vert glad av å kike i boka "Designstrikk til barn" av Lucinda Guy. Lucindsa Guy er strikkedesigner og har arbeidd tett med mellom anna Rowan. Dei siste åra har ho konsentrert seg om design for born under sitt eige merke. Mannen hennar Francois Hall, er illustratør og grafisk designar. Det er han som står for dei "påkledde" figurane i boka. Det er kombinasjonen av nydelege strikkemodellar og fantastiske teikningar som gjer dette til ei skikkeleg glad-bok. Eg har lånt den på biblioteket og veit at det står andre i kø etter meg, så eg får nyte den nokre dagar til.



Denne fine ullgenseren med hund (og lue og skjerf) skulle Iver hatt til hausten.



Vinterkofta har eg lyst å lage til skulejente-Ingebjørg, men oppskrifta går berre til fem år. Kanskje eg greier å trylle det til? Det ser greit ut få til.

Aller mest ynskjer Ingebjørg seg denne fine sommarkjolen:



Den nye boka And so to bed... er ikkje lansert endå, men kåpa på framsida var månadens mønster i Rowan-klubben i februar. Mykje å gle seg til her òg.

...sa eg at Lucinda lagar kosedyr òg?

Årets høneflokk



Ungane har valt seg ut ein påskepakke frå Panduro, så i dag vart det klipping og liming. Mamma måtte klippe ut hovuddelane mens Ingebjørg klipte nebb. Iver fekk telle perler og passe hønebeina.



Ingebjørg greidde stort sett å konstruere hønene sine sjølv.



Iver fekk plassere venger og bein, men fekk litt hjelp med liminga. Han plasserte det meste på rett plass, så hønene vart riktig fine.

3/25/2006

Nålekylling



Dette er den nye nåleputa mi. Det er så mykje fine nåleputer å sjå rundt omkring. Sjekk her og her til dømes. Eg har laga mi av ullfilt godt stappa med vatt og litt ris i botn for å få tyngde til å ligg pent i ro. Kyllingen ser kanskje litt påskeaktig ut, men her i huset er det nok greit med kyllingar heile året. Eg har ikkje hatt hjerte til å stikke nåler gjennom sjølve kyllingen, med det han får venne seg gradvis til det.



I eit anfall av overskot starta eg eit nåleputebytte på Hobbyboden. Opplegget er som følger:

Meld deg på på PM til meg innan 1. april.
Eg deler ut namn og adresser til alle veka etter.
Vi tar påskeferie og lagar nåleputer i alle variantar.
Frist for å sende er 23. april.
Bilder vert fortløpande lagt ut i eigen bildetråd.


Eg håper at andre også vert like inspirert som meg, og lagar sine variantar i løpet av den neste måneden. Det skal bli spennande! Rapport følger og litt nåleputeinspirasjon skal det nok bli i bloggen min etter kvart.

3/23/2006

...og ein påskehare!



Hovudet mitt er så fullt av kosedyridear at eg vaknar om natta, så eg må vel berre krype til korset. Eg treng ikkje alle dei kosedyra her sjølv. Ikkje treng ungane mine dei heller. Kanskje eg rett og slett må selje nokon? ...eg har delar til sju andre variantar på kjøkenet...

Eg kunne sjølvsagt brukt tida på å rydde, bake brød, lese meir bøker, strikke, sove eller noko anna fornuftig, men ideane må ut for tida. Lenge leve kreativiteten! Så får eg håpe det dukkar opp nokre ungar som treng nye kosedyr.

3/21/2006

Påskekaninene har dukka fram



Mine Wee wonderfuls-kaniner er ferdige. Tenkte dei måtte vere skikkeleg gull-gule sidan det snart er påske. Kombinasjonen fløyel og glatt kinastoff var litt krøkkete å sy, men eg er framleis på opplæringsstadiet når det gjeld symaskin. Neste steg er ei lita veske med glidlås og for. Har funne nokre bruksanvisningar så eg finne vel ut av det.

I går lasta eg påskekaninene mine opp på Flickr og la dei til i Wee bunnies-samlinga. Må innrømme at eg var ganske stolt då eg oppdaga at sjølvaste Wee Bunny-mora Hillary Lang har kommentert bildet. *litt stolt*

3/20/2006

Ny yndlingsjakke



Temptation jakka eg fekk til jul er endeleg ferdig. Dette har vore eit skikkeleg kosestrikketøy; Det går fort, krever litt tenking, har godt garn og skal ikkje gjevast vekk. Kjekt med noko til seg sjølv innimellom.

Eg var svært nysgjerrig på fasongen og om den passa til meg. Det gjer den! Eg kunne hatt den ørlitegran mindre, men ikkje ein heil størrelse. Fasongen er super, jakka er lett og mjuk og ikkje minst er fargen heilt meg.

Takk for julegåva!

3/19/2006

Pysjpingvin



Eg har lenge tenkt på kosedyr som også er ei "pysjpute". Denne pingvinen er fyrste forsøk. Om dagen kan pingvinen passe på pysjen og den er fin å ta med på tur. Då kan ein putte inn ein genser og bruke pingvinen som pute (...eller kosepingvin).

No er pingvinen fyllt med ein ny pysj, pakka inn og ligg klar til å vere med i 4-årsdag i morgon. Eg er ganske fornøgd med resultatet, så det vert sikkert fleire variantar. Har ein hund og ein frosk på skisseblokka.

Pingvinen er (stortsett) laga i fleece og har glidlås på ryggen.

3/18/2006

Klar for montering



No er det klart for montering av Temptation jakka eg fekk til jul. Det skal bli kjekt og endeleg få sjå om jakka passar. Må berre finne ut eksakt kva type sting som er brukt i monteringsanvinsninga fyrst.

To be continued

3/17/2006

Kunstverk i posten



Eg har vore med på ein Quiltepostkortalong på Hobbyboden. Artig å lage eit lite bilde og sende avgårde. No er eg spent på om det kom fram.

Det var så kjekt å få det postkortet Laura sendte til meg. Det står framleis å viser seg fram i bokhylla, og der skal det få stå ei stund. Kortet vart handstempla og har kanskje spreidd litt glede på veg til meg òg.

3/12/2006

Fleire kosedyr



Eg driv å testar den nye symaskina mi. Det er så mykje lettare å ta fram ei maskin som ikkje fuskar, som ikkje er så tung, som taklar "mjuke" stoff... Super bursdagspresang! Resten av familien skulle nok ynskje at eg hadde eit eige symaskinrom, for eg tek opp heile kjøkenet med symaskin, stoff, tråd, strykejern m.m.

Når eg fyrst skal sy kan det like gjerne vere kosedyr. Eg driv å prøver meg fram for å finne ut kva "mjukisar" som er mine. Kva er mogeleg å få til av alle dei ideane eg har i hovudet?

Denne kaninen er heilt sikkert inspirert av noko eg har sett ein plass, men den er litt min likevel. Skikkeleg mjuk og god og babytilpassa. ...og eg hadde aldri greidd det på den gamle symaskina!



Sjekk ut merkelappen min:



Ingebjørg har også fått designe sin eigen figur. Ho har teikna og klipt, men mamma har sydd det meste. Auge og munn har ho brodert på sjølv. Eg er imponert over kva ho får til.

3/10/2006

Ny katt



Det er sett i gong kosedyr-along på Hobbyboden. Midt i blinken for meg. Eg har alltid strikka mykje kosedyr og andre vesen, men på symaskina treng eg trening. Det er mogeleg at det vert fleire kosedyr på meg før påske. Hels på den fyrste katten eg har tenkt ut sjølv.



Då eg satt og sydde på Mari-katten i går fann eg ut at den sikkert ikkje passa som mjuk kosekatt for veldig små ungar. Eg har noko veldig mjuk bomullsvelur liggande i mange fargar. Den er veldig fin og passar godt til slike 2D-kosedyr. Eg teikna rett og slett ein katt, teikna den på stoffet og sydde rundt.

Sidan dette er ein prototyp ser eg mange forbetringspunkt, så det vert fleire slike. Kanskje eg skal lage nokon med lyd inni òg.

3/09/2006

Møt Mari Pointykitty

[

Ny symaskin (skrytebilde nederst...) måtte prøvast. Eg har sikla lenge på Wee wonderful sitt fine katte-mønster, så det passa veldig fint som testprosjekt.

Eg hadde akkurat nok restar frå Marimekko-gardinene på soverommet og fekk ein raud variant som sjølvsagt heter Mari. Mønsteret var veldig greit å følge, men det gjekk mykje fyll for å få den stødig nok. Iver var heime med øyrebetennelse og var flink assistent med ansvar for knappenålene. Han vart svært fornøgd med resultatet og meiner at han har laga den sjølv.

Det er mange som har laga Hillary Lang sin "Pointy Kitty" sidan ho la den ut i byrjinga av februar.
Spesielt interesserte kan sjå mange variantar av Pointy kitty her.

Hemmelig marsvenn



Min hemmelege ven var raskt ute og tarff akkurat på bursdagen min, så då var det stas med pakke i posten. Sokkegarn, alpakka frå Drops, perler og sjokolade. Det her skal eg nok få brukt. Iver har allereie lagt sin elsk på det eine nøstet og har hatt det med seg i senga :-).

Tusen takk, hemmelige venn!

3/03/2006

Anouk-along - oppstart



Vi er nokre Hobbybodarar som skal strikke Anouk frå Knitty. Denne søte forklekjolen er designa av Kate Gilbert i Paris. Ho har laga mange fine og fargesterke mønster. Nokon hugsar kanskje Clapotis.



Sidan eg skal reise ein del med buss i helga passar Anouk veldig bra som reisestrikketøy. Temptation er blitt for stort. Eg har kjøpt Cotton Lux frå Idena i fargar som stemmer bra med mønsterbiletet. Det er den fargemiksen eg har forelska meg i, så då er det like greit å ikkje eksprimentere. Strikkefastheiten stemmer ikkje heilt, men det ser greit ut på det tjukkaste pinnealternativet. Ny rapport over helga!

3/01/2006

Strikkelisetider



Eg hugsar då eg fekk ei "Strikkelise" til seksårsdagen min; Det var kjekt, men den snora som kom ut (den var gul) kunne eg ikkje bruke til noko som helst. Det fulgte med nokre bilder der dei hadde sydd sammen remsene til luer og vestar, men då måtte ein lage laaaange snorer fyrst. Eg trur ikkje heilt eg skjønte poenget.

Likevel har eg no kjøpt ei strikkelise til Ingebjørg. Ho har så lyst å strikke, men greier det ikkje utan ganske mykje hjelp. Eg tenkte difor at ho kan få øve seg litt med ein pinne og lage snorer. Ho får det til og synest at det er gøy Eg har gitt ho opal-garn slik at det endrar farge av seg sjølv og det er kjempespennande å sjå kva som kjem ut.

...og kva skal det bli til slutt? Smykke, sjølvsagt! Det fann ho på sjølv, og dersom nokon treng inspirsjon finn de det her.

Temptation oppdatering



Den fantastiske julegåva Temptation nærmar seg montering. Eg har berre ein arm att. Reknar med at eg kan starte samansying etter nokre få strikkeøkter til.

Kim Hargreaves har laga eit supert design. Det er så artig at alle delane passar godt saman akkurat som eitt puslespel. Det vert spennande å sjå korleis den vert å ha på. Eg treng ei slik varm jakke på jobb.