1/28/2006

Små og store Gurotøfler



Oppskrifta frå Guro og Kathleen er enkel og grei. No har eg laga eitt par til meg og eitt par til Ingebjørg. Forminskinga gjekk fint når eg prøvde på Ingebjørg-foten undervegs.

I dag ha Ingebjørg dekorert sine med perler. Eg måtte også prøve meg og nytta høvet til å bruke denne perleskatten - marihøneperler. Eg har kjøpt dei på Perlehuset i Bergen og venta på den rette anledninga til å bruke dei. Heldigvis ropte desse Gurotøflene på marihøne-dekor.



I have made the crocceded slippers from Guro and Kathleen for both me and Ingebjørg.

Ingebjørg decorated hers to day and I had to use my lovely ladybug pearls on my slippers. These are my favourite pearls from Perlehuset

Amigurumigalleri



Amigurumialongen på Hobbyboden nærmar seg slutten. Fristen for å sende meg bilete og eventuelle oppskrifter er 31. januar. Det har allereie kome inn bidrag, og det er publisert i eit eige


AMIGURUMIGALLERI
.

Etter kvart vert det avstemming og vinnarar. Rapport følgjer!

Dersom nokon treng litt inspirasjon finn er ohsewpretty ein glimrande blogg å kike på.

Denne bloggen er førebels ein testblogg

magflyavartar
Eg prøver å lage meg ein ny blogg med MagFly-sjel og utan reklame. Det tek sikkert litt tid før eg flyttar meg. Undervegs vill eg sikkert poste litt av det eg har i den andre bloggen her òg.

Eg må lære litt meir html og øve meg på å skrive engelsk før MagFly-bloggen gjennoppstår her.

Skulle du ha nokon kommentarar til kva denne bloggen skal innehalde er det berre å legge att ei melding.

1/20/2006

No testa eg blogger

På jakt etter ein blogg utan annonser sjekkar eg no ut blogspot. Eg må jo finne ein blogg som får med seg sjela frå den gamle.